Lesarinnlegg:

«Ombygging av Holvik barnehage»

Her er formannskapet på synfaring i Holvik barnehage tidlegare i vår. No skal saka på bordet igjen etter fleire rundar på løsninger som kan gagne både barneahge, bygd og korps. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av verneombod Trude Lund, tillitsvald Utdanningsforbundet Francesca Goll-Rasmussen og tillitsvald Fagforbundet Torill Kim Vederhus.

Ombygging av Holvik barnehage

Einige om ombygging av barnehagen, men prisen doblast. Dette er eit forslag dei tilsette ikkje har fått medvirke i, då det kom 6. mai og skulle inn i sakspapira same dag.

Arbeidstakarane har ikkje fått kome med sine alternativ til ombygging i denne prosessen. Det er altfor korte fristar til at dei tilsette kan sette seg inn saker angåande ombygging av barnehagen. Tilsette får ikkje vere med i prosessen, eller kome med forslag.



Har ikkje dei tilsette lovfesta medrådrett? Dei tilsette føler seg overkjørt. At det er bygda og korpset som skal teikne og kome med forslag til korleis barnahagen og deira arbeidsplass skal vere, er uakseptabelt. Er det kommunen som skal halde bygda og korpset med forsamlingshus på bekostning av barnehagedrift? Kva heimel har kommunen for å ta omsyn til bygda og korpset sine behov, framfor å ta omsyn til dei tilsette og barnehagen sine behov?

Dei tilsette meiner det kan leigast inn fagfolk, med kompetanse innan barnehagebygg. Det er heilt nødvendig at ein tenker langsiktig, at ein under ombygging bygger ein barnehage som fungerer til sitt bruk. Med gode arbeidsforhold får vi eit godt arbeidsmiljø.

I dag er det store bygningsmessige forskjellar innad i barnehagen. Dei tilsette på avdelingane Krabben og Blekkspruten opplever kvardagen som veldig stressande. Dårlege romløysingar, store avstandar, mange dører og med dårlege toalett og stelleforhold. I «SFO»-bygget, Flyndrefanten, er der heller ikkje toalett som egnar seg til barn som trenger stell. Det er nødvendig at barnehagepersonalet får rammer så dei har moglegheit til å lykkast.

Under ombygging ønsker dei tilsette at det blir tatt omsyn til følgjande:

- Avdelingane treng rom som gjer det mulig å dele barnegruppa, og rom til barn som har tiltak.

- Kva om det blir innført matservering når vi blir Kinn?

- Toalett og stellesituasjon må bli betre.

- Uteområdet må ferdigstillast.

Under ombygging må det takast hensyn til barnehagedrifta. Prosessen må planleggast slik at dei tilsette kan utføre arbeidet sitt. Arbeidstakarane sin tryggleik, helse og velferd må takast omsyn til. Dei tilsette kan ikkje utføre arbeidet sitt på ein byggeplass. I byggeprosessen er det viktig at arbeidstakarane får den informasjonen som er nødvendig, ein byggeplan og tidsplan. Dette for å kunne få eit forsvarleg arbeidsmiljø.