Lesarinnlegg:

«Kvar var Høgre, Geir Årvik»

Dette lesarinnlegget er skrive av Hans Gunnar Våge. Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hans Gunnar Våge.

Kvar var Høgre, Geir Årvik?

Eg ser du undrast på kvar bunaden til Vedum var, til ulike tider, og ved ulike hendingar. Det er fyrste gong eg har høyrt om politisk otte for eit klesplagg.

No kjenner eg ikkje svaret, og veit heller ikkje om Vedum hadde bunad då, men, om han hadde, er det ikkje truleg at den hang i eit skap?

Vonar han tek seg tid til å svare dykk, så de får «ro i sjela.»

No spør de ikkje om avstemminga i stortinget, i dei enkelte sakene, og det er venteleg at de ikkje vil verte minna på det. Frå forslaget frå AP, om organiseringa av sjukehusa i landet, i 2001, har, så vidt eg fekk vite i dag, Høgre stemt for samtlege vedtak om nedleggingar.

(fekk ikkje 100 prosent sikre opplysningar, omgåande)

Det vere seg om forslaga var lagde fram av Ap, eller andre.

Senterpartiet sat i regjering då mange av vedtaka om nedleggingar var gjorde.  Eit lite mindretal. Sakene vart pressa gjennom av Ap og Stoltenberg, og einaste løysinga for å få fram synet sitt, hadde vore å bryte regjeringssamarbeidet. Eit lite fleirtal i Sp, stemde for å verte verande i regjering. Diverre.

Nett det kan eg berre orsake.

Men eg har eit spørsmål til deg: Kvar var du, buandskledd, dresskledd, eller kvardagskledd, då Svein Hansen og sjukehusaksjonen Nordfjord, kjempa for best, og flest mogelege tilbod ved NSH?

Personleg har eg lyst til å nemne nedlegginga av Rjukan Sjukehus. Der vart det vedteke at dei ikkje lenger skulle drive med akuttmedisin, og om ein pasient fekk hjartestans, så hadde dei ikkje lov å starte livredning. Dei skulle setje ein markør, utanfor rommet pasienten låg, og så ringje ambulanse, som skulle drive med akuttmedisin. Dette trass i at det på det tidspunkt, var både lækjarar og hjartestartarar på sjukehuset. Direktøren nekta, og vart etter rettsak oppsagt, grunna nekt av å utføre styrevedtak.

Direktøren skreiv bok om forholdet, og den er framleis å få kjøpt. Men, det var ikkje Sp som stemde for å leggje ned Rjukan sjukehus, og nekte å livgjevande hjelp. Helseministeren den gongen heitte Høie, representerte Høgre, og sit framleis ved den høgre handa til Erna, og skal derifrå avgjere kven som har rett til liv eller inkje.

Var du den gongen, Geir Årvik, uroa over det som skjedde? Tenkte du den gongen over konsekvensane av dei vedtaka som var gjorde, eller tel ikkje liva til innbuarane på Rjukan, like mykje som liva elles i landet? Eller, kanskje det ikkje er så farleg, så lengje det er Høgre som har sett fram forslaget?

Eg veit det er val snart, og de har tydelegvis starta valkampen, men før de prøver å få til ein oppvask i andre parti, fei for eiga dør. Kostar med skaft, er å få kjøpt hjå Verlo!