Lesarinnlegg:

«Mi 17. mai-tale»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

«Mi 17. mai-tale»

Kvart år får eg, og heilt sikkert mange andre folkevalde/politikarar, spørsmål om å halde tale 17. mai. Som regel seier eg nei. Både fordi eg syns det godt kan komme til orde andre, spennande røyster på denne dagen. Men mest  av egoistiske grunnar fordi eg vil vere i lag med familien og nyte dagen i fred og ro. Men om eg hadde svart ja i år; her er mi tenkte 17. mai-tale:

Gratulerer med dagen! Ka e det egentlig vi feira i dag? Grunnlova? Norge sitt sjølvstende? Fred? Fridom? Demokrati? Alt dette. Og sikkert meir til for mange. Å feire er å minnast og gjer stas på dei før oss som har kjempa og gått i spissen for at vi har det så bra i dag. Men å feire betyr også at vi vil ta stafettpinnen vidare. At vi har eit ansvar for ikkje å sovne på post eller stille oss likegyldige til små og store skritt i feil retning. Det er vel ikkje akkurat stor spåmannskunst å tru at veldig mange av årets 17.mai-taler inneheld ei oppmoding om akkurat dette. At vi ”ikkje har fått gratis det vi har” at vi må ”kjempe for at vi i framtida skal halde på vårt sjølvstende og vårt flotte demokrati”.

Men kva betyr det? For meg betyr det f.eks å kjempe mot EU og EØS. Når svært mange av vår lover og forskrifter ikkje blir laga i vårt Storting, men kjem frå Brussel, då truar det vårt sjølvstende. Når vi stort sett ikkje har anna val enn å godta det andre land har bestemt, då går det på bekostning av vårt demokrati. Sjølv om Stortinget strør sand på alle desse bestemmelsane. Og det undergrev demokratiet vårt når folket i to omgangar har sagt nei til EU, og vi likevel må godta det meste EU bestemmer fordi vi på ein måte blei snikinnmeldt gjennom EØS-avtalen. Det same gjeld at energipolitikken vår skal leggast under ACER. Det går på bekostning av sjølvråderetten vår.

Kva truar freden og sikkerheita vår i dag? Når norsk basepolitikk i realiteten er blitt endra til å tillate faste utanlandske styrkar på norsk jord i fredstid så er dette eit farleg steg feil vei. Vi kan ha ulike syn på det å vere med i NATO. Men vi har fram til no vore einige om at det ikkje skal finnast faste utanlandske styrkar i landet. Dette aukar spenninga i ei tid då vi treng avspenning. Norsk deltaking i USA sin militæreventyr rundt i verden har også forverra vår sikkerhet. Afghanistan, Irak og Libya. Vi skulle aldri ha deltatt i dette. Bombinga bygde på løgner og hadde ingen folkerettsleg støtte. Slikt må vi stå opp i mot og vi treng å bygge opp igjen ein fredsbevegelse som kan mobilisere mot feil bruk av vårt forsvar. Neste korsvei kan vere Iran. Det er illevarslande toner frå både militære og politiske krefter i USA som vil ha bombing og invasjon av Iran. Kan vi greie å stå imot presset om norsk ”fredsbombing” denne gangen?

Kva med demokrati? Vi har eit demokratisk system som folk i mange andre land bare kan drøyme om. Likevel er det langt frå perfekt. Og det må endre seg i pakt med endringar i samfunnet. For meg betyr demokrati først og fremst folkestyre. At folket sin vilje blir rådande politikk. Folket sin klare vilje i Vågsøy er at vi ikkje skulle bli med i Kinn. Når det ikkje blei rådande politikk i vår folkevalde forsamling, då er det for meg udemokratisk. Eg er klar over at det som vart gjort var fullt lovleg. Og heilt klart innanfor dei forskrifter og system som utgjer vårt representative demokrati. Men når folket sin vilje blir overstyrt av dei som er sett til å forvalte den, då blir resultatet udemokratisk. Eg synst sånt er veldig ødeleggande for vårt framtidige demokrati. Når folk seier til meg at dei har stemt for siste gong, og når valgdeltakinga stadig kryp nedover, så synst eg det er et alvorlig faresignal som vi må gjere noko med. Her er to forslag som eg trur kan ta oss i rett retning:

1. Eg har i mange år forundra meg over at vi med dagens teknologi ikkje er komne lenger i å benytte nettet til å utvide demokratiet. Kvifor skal vi berre kunne stemme på nettet over om folk skal sendast heim frå konkurranser på TV? Min visjon er at i framtida bør folk delta mykje meir direkte i styringa av samfunnet. Det er f.eks ganske vanskeleg å få til folkerøysting om saker i dag. Det er berre kommunestyret  som kan gjennomføre ei folkerøysting og derfor er det kommunestyret som kan bestemme at vi skal ha det. Det bør bli lettare. Eg kunne tenke meg at vi i Kinn kommunestyre la inn i våre vedtekter at vi skulle senke terskelen for folkerøysting. Vi kunne f.eks legge inn en bestemmelse ala den som finst om innbyggerforslag i dag. At eit visst tal underskrifter i folket ville vere nok til at det skulle haldast folkerøysting.

2. At resultatet frå folkerøystingar skal bli respektert av dei folkevalde. I dag er det slik at alle folkerøysingar berre er rådgjevande. Det betyr at dei folkevalde har rett til å gå i mot folket. Eg vil gjerne at vi i Kinn kommunestyre skal pålegge oss sjølv i vedtektene at vi skal følgje det rådet vi får frå folket.

Disse to forslaga trur eg vil utvide og utvikle demokratiet vårt. Og det vil demme opp for dei som seier det ikkje er vits i å bruke stemmeretten.

Kva med ytringsfridomen? Kva med netthets og trolling? Truer ikkje det demokratiet vårt? Jau, absolutt. Det er eit problem når unge folk, og kanskje spesielt kvinner, ikkje orkar å engasjere seg i politikk og samfunnsliv fordi dei blir hetsa på nett. Det må vi alle kjempe mot. Men vi må ikkje bli einsidige. Vi må ikkje ”helle barnet ut med badevatnet” som det heiter. Vi må anerkjenne det fantastiske i at vi har fått den utvidinga av ytringsfridomen som Internett med sine ulike teknologiar gir oss. Eg hugsar og opplevde ei tid då den einaste måten å komme ut med si meining var å sende eit innlegg til lokalavisa. Og eg opplevde at redaktørar nekta å sette det på trykk. Men til og med kunne finne på å skrive motinnlegg til det innlegget som ikkje kom på trykk! Det er klare teikn i dag på at dei som sit med makta helst vil stramme inn på kor lett det skal for kritiske røyster å sleppe til. La oss stå saman i kampen for den opne ytringsfridomen vi har i dag og slå tilbake netthets, rasisme og kvinneundertrykkande sjikane. Men la oss også vere klare på at vi anerkjenner folk sin rett til å vise sin frustrasjon og sitt raseri mot makta si overkjøring, utan at det skal bli stempla som hatretorikk.

Det er ikkje sikkert kvar og ein av dykk er einige i at dette er dei beste måtane og svara vi gir på korleis vi skal stå opp for demokratiet og sjølvstendet vår. Det syns eg er heilt flott. Kan hende du har mange forslag som er betre enn mine. Det finst få fasitsvar her. Det viktige er at vi faktisk prøver å finne konkrete måtar og eit konkret innhald i det når vi tenkjer på vårt ansvar for samfunnsutviklinga. Slik at den neste generasjon og dei etter den igjen kan hedre oss for det vi gjorde i vår tid.

Endå ein gong: Gratulerer med dagen!