Lesarinnlegg:

«Regionalt pilegrimssenter»

Dette lesarinnlegget er skrive av Tove Lill Refvik Volle og Leif Magne Gil. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Tove Lill Refvik Volle, varaordførarkandidat Kinn Ap, og Leif Magne Gil, gruppeleiar Ap i Vågsøy og 3. kandidat Kinn Ap:

Regionalt pilegrimssenter

Sogn og Fjordane fylkeskommune ved fylkeskonservatoren har bedt Bjørgvin bisperåd, Flora/Kinn, og Selje/Stad om uttale kor ein skal kome med synspunkt og vurderingar på lokalisering, og kor kommunane skal greie for korleis ein lokalt kan ivareta vertsrolla som regionalt pilegrimssenter i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen vil legge vekt på fleire moment når dei skal ta avgjerd i denne saka. Mellom anna; avstand mellomsentra og geografisk dekningsområde, kvalitet som heilagmål, lokalt og regionalt engasjement, tilgjenge/infrastruktur, etablerte institusjonar som kan ta oppgåva, kompetansemiljø og nettverk.

Dette var altså det som Fellesnemnda var bedt om, og som hadde svarfrist 14.5. Fellesnemnda for Kinn svarar då korleis dei vil ta vare på denne oppgåva om den skulle kome til Kinn kommune. Kinn kyrkje har eksistert sida 1100-talet, og har vore eit pilegrimsmål like lenge. Kinn som heilagstad oppstod truleg samtidig som Selja gjorde det. Det er naturleg at når ein kommune blir bede om å kome med innspel til ei slik sak, så svarar ein tilbake det som gjeld eiga kommune. Slik som og Stad har gjort. Fellesnemnda har ikkje uttalt seg om andre kommunar, men både fellesnemnda, Flora, og Vågsøy er sjølvsagt og positive til Selja.


 

Når det kjem forventningar til at Vågsøy formannskap, eller Vågsøy kommunestyre skal kome med uttale i denne saka, så er det på tvers av all praksis. Fellesnemnda er satt til å svare ut desse sakene, og Vågsøy kommune har heller ikkje blitt bedt om å kome med uttale eller innspel. Dette har ikkje vore ei offentleg høyring, men ein førespurnad til dei kommunane som i dag har pilegrimstadar/heilagstadar.

Når fellesnemnda svarar ut fylkeskommunen på kva eiga kommune kan tilby, så fokuserar ein spesielt på infrastruktur, Fjord-kysten, og kystmusea, noko som gjer at kommunen vår vil vere ein god ivaretakar av eit slikt regionalt pilegrimsenter.

Kommunane Flora og Selje har begge jobba lenge for å utvikle sine heilagstadar som regionale senter. Det er då naturleg at ein vurdera saka innafor eigne grenser, og ser ting i samanheng med eiga kommune. I fellesnemnda blir sakene godt førebudde, og ein må ha tillit dei vedtaka dei gjer.

Det blir hevda at det ikkje betyr mykje for Vågsøy, Flora, eller Kinn om det regionale senteret hamnar i Selje. Tvert i mot, trur vi at dette er eit viktig prosjekt for både Kinn og Stad, og vil vere med på å styrke etablerte reiselivsmål i regionen og kommunen. Når fylkeskommunen har bestemt seg for kor senteret skal vere, så vil det vere oppgåva til desse to kommunane og samarbeide for å utvikle desse to pilegrimstadane og kulturminna på best mogleg måte for regionen. Det ansvaret kvilar på både Stad og Kinn, om ein eller begge blir peika ut som regionsenter.

Innbyggjarar, folkevalde i Vågsøy og Flora, og truleg alle andre i framtidige Kinn er positive til aktivitet på Selja. Dette er ikkje ei sak for eller i mot Selja. Dei to prosjekta har fått sine uttalar frå fellesnemndene i Stad og Kinn. Det er fleire aktørar bak uttala om Kinn, mellom anna Fjordane friluftsråd og Kystmuseet. Forslaget som fellesnemnda einstemmig gjekk inn for, stiller vi oss bak.