Lesarinnlegg:

«Kvar vil du bu?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Jon Valur Olafsson, sjette-kandidat på Kinn Senterparti sin liste til kommunevalet. Foto: privat 

Meninger

Jon Valur Olafsson, 6. kandidat Kinn Sp, har skrive dette lesarinnlegget:

«Kvar vil du bu?»

Fellesnemnda i Kinn kommune hadde møte onsdag 5. juni. Sakene var mange, og summane var svimlande. Kvar tek vi vegen?

«Ein av dei tinga eg er sikker på de vil bli utfordra på framover, er skulestrukturen i Flora. Her ligg det potensielle innsparingar».

Dette sa rådmann Knut Broberg til fellesnemnda i møte den 5. juni. I same møte vart nemnda orientert om at folketalet i Flora har gått ned med heile 1,13%. Korleis kan vi skape eit samfunn for alle. Eit samfunn der ein kan velje om ein vil bu sentralt, eller om ein vil bu desentralisert? Den einaste måten å gjere dette på er ved å skape, og stimulere til vekst i heile kommunen, ikkje bare i delar av den.

Borna våre er utvilsamt det kjæraste vi har. Når ein skal etablere seg er det derfor heilt avgjerande at borna sine behov for ein trygg kvardag, og gode skule- og oppvekstvilkår er til stades. Dette er like viktig for dei som vel å busette seg desentralisert, som for dei som ynskje å bu sentralt. Skal ein skape gode vilkår for etablering, må ein gjere det i heile kommunen.

Landbruket i Kinn vil i åra framover møte eit generasjonsskifte. Nye generasjonar skal etablere seg og overta gardane. Det er kommunen sin oppgåve å gjere etablering i distrikta både mogeleg, og leveleg for folk flest. Her er tilgang til skule og barnehage det essensielle for nyetablering. Dersom vi skal klare å vedlikehalde den næringsaktiviteten og sysselsetjinga landbruket medfører, må ein ta ansvar og syte for gode skule- og oppvekstvilkår i distrikta.

Å legge ned utkantskular er eit kortsiktig og lite gjennomtenkt innsparingstiltak. Ein breispektra kommune som leverer gode tenester til alle innbyggjarar, på tvers av by og bygd er ein god, attraktiv og ein sunn kommune.

Broberg har han iallfall rett på eit punkt! Senterpartiet skal utfordre på skulestruktur! Stemmer du Sp den 9. september, då stemmer du på grendaskulane!