Lesarinnlegg:

«Vi føler oss lurt»

Geir Oldeide, Raudt, har skrive dette lesarinnlegget. Arkivfoto 

Meninger

Geir Oldeide, Raudt, har skrive dette lesarinnlegget:

«Vi føler oss lurt»

Raudt har jobba for at vi skulle ha kommunevis oppteljing av valresultatet i haust. Vi synest det er viktig å sjå korleis røystene ved valet og ikkje minst valdeltakinga, vert påverka av samanslåinga. Vi trur også samfunnsforskarar og valanalytikarar har nytte av dette. Difor spelte vi forslag om kommunevis oppteljing inn til dei andre partia og folkevalde allereie på det felles kommunestyremøtet mellom Vågsøy og Flora, som var i Kalvåg 17.-18. oktober i fjor. Vi fekk der klart inntrykk av at det var stemning for forslaget vårt.

Etter at valstyret for Kinn (fellesnemnda) i byrjinga av april gjorde vedtak om at det ikkje skulle vere krinsvis, men samla oppteljing, gjekk vi den 9.4 ut med påminning om at ein ved den samla oppteljinga måtte sikre at kommunane måtte teljast kvar for seg. Leiaren i valstyret, Jan Henrik Nygård stilte seg positiv til forslaget.

21. mai sende vi e-post til valstyret ved Nygård og spurde om det var gjort vedtak angåande kommunevis oppteljing og fekk bekrefta at ingen ting var gjort med dette. Han ville då sette dette på saklista til førstkommande møte i valstyret.

Den 31. mai ringde eg prosjektrådmann Terje Heggheim for å sjekke korleis denne saka gjekk og fekk då til svar at akkurat den dagen (31. mai) var siste frist for å eventuelt gjere eit slikt vedtak! Og at det i så fall måtte gjerast som vedtak om krinsvis oppteljing. At ein altså ikkje har lov til å telje kommunevis dersom ein først har vedteke å telje samla.

Toget er altså gått og vi sit att og føler oss lurte. Har det gått føre seg eit spel her slik at tida gjekk ut før ein kunne sikre kommunevis oppteljing? Eller har Heggheim og Nygård berre ikkje gjort som dei burde/skulle og undersøkt dette skikkeleg? Dette vil Raudt forlange svar på i kommande møte i valstyret. Vi trur svaret har interesse for mange.