Lesarinnlegg:

«Fredagsbrevet frå Terje Heggheim 7. juni: Er brevet opplysande eller forvirrande?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust (Sp), varaordførar i Vågsøy, nestleiar i fellesnemnda for Kinn og nestleiar av fylkesnemnda i Senterpartiet.  Foto: Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust (Sp), varaordførar i Vågsøy, nestleiar i fellesnemnda for Kinn og nestleiar av fylkesnemnda i Senterpartiet.

Fredagsbrevet frå Terje Heggheim 7. juni: Er brevet opplysande eller forvirrande?

Når Heggheim prøver å framstille det som at Bryggja sin uttreden frå Vågsøy vil kunne ha positiv økonomiske effekt på grunn av at utgiftsida vert redusert, så må eg få lov å spørje:

Kva i all verda er det du skriv, manglar du verkeleg innsikt i dette?

Dersom, så kan du spørje underteikna, fordi det er eg som leier dette arbeidet politisk.

Det står i dei skriva som vi har fått at vi (Vågsøy/Kinn) mister 29,4 millionar + eigedomskatt, og Stad får tilsvarande. Det er sagt at vi verken skal tene eller tape på dette.

Det som er saka er at vi taper 9 prosent av befolkninga , mens vi mister 30 prosent av arealet.

Dermed så endrar forskjellige indeksar seg på kor mykje Kinn får i overføringar, og dette er negativt med mange millionar kroner. At vi mister området Bryggja er nærmast ei økonomisk og folkeleg katastrofe. Det er sanninga, ikkje at vi får reduserte kostnadar. Dette åtvara eg tidleg om, men vart ikkje høyrd.

Så skriv du vidare at Flora og Vågsøy ville ha like store utfordringar økonomisk om vi hadde fortsett som eigne kommunar. Dette er heller ikkje tilfelle.

I 2018 og 2019 så vert det brukt store rersursar av dei kommunalt tilsette for samanslåinga som ikkje er bokførde nokon stad, slik dei skulle ha vore om god prosjektstyring og rekneskap hadde vorte følgd. Men dette har du og fleirtalet i fellesnemnda gjort alt for å halde skjult. Ikkje ein gong revisor har nemnt dette i nokon av notane. Dette er faktum sjølv om at han stadfestar i e-post at dette burde vore gjort.

Dette er så alvorleg at hadde det vore i ei privat verksemd, så hadde nokon minst mista jobben.

At du kan kalla inn personalet til møte i mengder, mens du sender lønskravet til den enkelte kommune utan at dette vert registeret, er berre heilt utruleg.

Kor mykje utgjer så dette?

Eg har gjort ei berekning som eg vil påstå er rett med ein feilmargin på +/-10 prosent.  For Vågsøy sin del så utgjer dette om lag 10 millionar kroner, og det dobbelte i Flora for 2018. For 2019 er nok tala større. Dette stadfesta Rolf Bjarne Sund til meg på fredag at godt kunne stemme.

Dette viser kor mykje dette Kinn-prosjektet tappar begge kommunane for økonomiske ressursar, men dette vil de skjule for befolkninga.

Dei fleste greier å forstå at om du legg 20 millionar kroner til Flora sin økonomi i 2018, og 10 millionar kroner til Vågsøy, og tilsvarande for 2019, så snakkar vi tross alt om rundt 60 millionar kroner, om ikkje meir, for begge åra, som kunne vore nytta på ein heilt anna måte og den økonomiske situasjonen vil vore heilt andesleis.

Er det rart folk er fortvila?

Både du og begge ordførarane, + fleire, gjekk rundt og fortalte eventyr over kor mykje pengar som skulle kome berre vi slo oss saman. No finn de ikkje desse pengane - kort og godt fordi dei aldri har eksistert. De har regelrett feilinformert.

No kjem sanninga for ein dag, og då er det om å gjere å tåkelegge mest mogleg.

I tillegg til disse 53,5 millionar kronene som vi ikkje har i 2020, så kjem det etter kvart for ein dag dette med lønsharmoniseringa. Der opplyste du fellesnemnda om at det var i størrelse 2,5-3 millionar kroner. Dette påpeikte eg då var feil, men vart til dei grader latterleggjort av både deg og ordførar.

Kvifor må du no bruke 4 år på dette der du har 4 millionar kroner til disposisjon kvart år, altså 16 millionar kroner?

I tillegg så sa du i kommunestyret i Vågsøy at politikarane måtte være førebudde på å auke denne lønsposten.

Dersom du visste tala som eg etterspurde tidleg, kvifor la du dei ikkje fram? Svaret må vere enkelt: du veit ikkje kva beløp det er snakk om.

Og det verste er at du vil ikkje vite det heller. Hadde du det, så hadde du sett i gang eit arbeid for slå fast kva dette er.

Eg er klar over at noko av lønsforskjellane har si forklaring i at der er ulikskap i ansiennitet og at dette vil innverke på dette.

Så veit du at eg har oversikt av alle lønningane på alle stillingheimlane i begge kommunane. Dette ville eg at vi skulle gå gjennom og finne ut av, men det nekta du å være med på. Det skulle komme seinare og kanskje ikkje før etter valet.

Snakk om å koste ting under teppet.

Så går du og leiaren i fellesnemnda + begge ordførarane rundt og trur at de skal få endra på det nasjonale regelverket for arbeidsgjevaravgifta.

Dagens regelverk seier at når to kommunar slår seg saman så får den nye kommunen den prosenten i arbeidsgjevaravgift som den mest folkerike kommunen har. I dette tilfellet Flora med ein differanse på 3,5 prosent  som utgjer c.a 10 millionar kroner for Vågsøy sine kommunalt tilsette.

Dette beløpet er heller ikkje med i dei 53,5 millionar kronene. Og for næringslivet i Vågsøy så kjem der eit tilsvarande beløp.

Skal Kinn få Vågsøy sin sats etter 2021, så må dei nasjonale kriteria endrast for heile landet, og då spør eg: er det truleg at dagens regjering vil endre på dette, om dei i det heile teke kan? Og med den følge at staten vil tape mange 100 millionar kroner. Trur du verkeleg det?

Og i tilfelle så lyt dei til ESA i Brussel for å få det godkjent, og det veit du. Sjansane er nærmast mikroskopiske. Eg vil be om at eg tek feil.

Det som også fører oss ut i dette uføret, er at fleirtalet ikkje vel å innsjå realitetane av at vi ikkje har råd til alt de lovde berre vi slo oss saman.

Her må eit beinhard kutt i investeringane som ikkje er naudsynt for drift av kommunen. Gjer ein ikkje det, så hamnar ein i Robek fortare enn svint, og det einaste ein kan gjere er å auke eigedomskatten med alle dei negative sidene det er.

Du skriv om samarbeid mellom rådmennene, men kva tid sist hadde du møte med rådmannen i Vågsøy?

Du skriv også at ein vil gjere innbyggjarane ei bjørneteneste med å utsette dette. Du har alt gjort innbyggjarane ei bjørneteneste.

Eg vert ikkje til stades på siste møte i fellesnemnda før ferien på grunn av endra møteplan. Men når eg ser at enkelte saker som har vore etterlyste i fleire månader, til dømes saka om kommunevåpen, og du ikkje klarer å få ut saka før same dag som møte skal vere, så er ikkje dette i tråd med god sakshandsaming. Her har i tillegg pengane sitte umåteleg laust. Det same skjer i fleire saker.

Det at det stadig vert kosta alvorleg ting under teppet, kan berre gå gale. Ein må løfte opp alle dei problema som er, og då kan ein i fellesskap kanskje finne gode løysingar.

Ikkje gjer som mannskapet på «Helge Ingstad». Stopp opp når du ser farar for baugen, elles går dette himlande  gale.