Lesarinnlegg:

«Grøntareal i forfall»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ein nabo til Vågsøy ungdomsskule:

Måløy har ein av Noregs flottaste ungdomsskular med eit fabelaktig uteareal. Det har vi grunn til å vere stolte av.

Men. Det er alltid eit men. Rundt om på anlegget er det nokre grøne område der det også er planta busker. Nokre av desse er fullstendig overgrodde av høymoler og anna ugras, og buskene blir nesten borte av uvekstane. Dette forringar inntrykket ein får av den elles så eineståande skulen vi har fått.

Dette er ei melding til dei i kommunen som har ansvar for uteareal. Skal det plantast og forskjønnast, må det vere nokon som har oppdraget med å halde det ved like. Eit villniss er det ingen som vil ha.

Klarer ikkje kommunen å halde desse områda ved like, er det mykje betre å fjerne det grøne og erstatte det med singel som det no blir gjort mange stader i Måløy. Det er stort sett vedlikehaldsfritt.