Lesarinnlegg:

«Reformsyke»

  Foto: Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust:

Reformsyke

I Fjt sin leiar på tysdag den 8.7. skriv Erling Wåge at det no ser ut til å verte auke i tal på byråkratar som følge av kommune- og regionreforma i følge NRK Sogn og Fjordane.

Å kritisere pressa er skjeldan populært, men: Eg må nesten spørje deg Erling, er det først no du og andre har oppdaga dette? Er det ikkje nettopp dette som det har vore åtvara mot? Er det ikkje nettopp dette som er erfaringar som er frå andre land, som til dømes Danmark?

Det som vert framstilt som ei demokratireform er i staden ei gedigen maktoverføring frå folkevalde til eit auka og kostbart byråkrati, som auka kostnadane slik at dei tenestene som kommunen og fylka skal yte innbyggjarane vert dårlegare ikkje betre.

Det må kunne seiast at kvar har pressa vore undervegs? Har dokke sove tornerosesøvnen og ikkje ville fokusert på nettopp desse konsekvensane? Åtvaringane har det iallfall ikkje mangla på.

Sentralisering er eit nøkkelord i denne samanheng. Vert det betre demokrati av å redusere talet på folkevalde til fordel for byråkratar?

Noko som har ein ting til felles, auka lønningar.

For Kinn så er det nesten komisk at ein må sette opp gratis båtruter for at folk i dei to kystkommunen skal verte betre kjente. Kven trur du til sjuande og sist må betale dette?

Var det ikkje eit av hovudargumenta med reforma at kommunane som slo seg saman allereie var integrerte med felles bu og arbeidsområde?

Men no er det berre å belage seg på høgre eigedomskatt, det kjem også til å ramme FJT.