Lesarinnlegg:

«Svar til Nils Myklebust»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende:

Svar til Nils Myklebust

Varaordførar i Vågsøy og nestleiar i Fellesnemnda for Kinn kommune, Nils Myklebust, meiner eg og andre har sove og at pressa ikkje har fokusert på konsekvensane av kommunereforma.

No er det litt uklart om det er pressa generelt, om det er Fjordenes Tidende eller berre meg som redaktør som du reiser skytset mot og som du meiner har sove. Men i mi tid som redaktør så er det få saker det har vore så stort fokus på og engasjement rundt som kommunereforma. Både du og andre har fått ytra dykk og fremma synspunkt og fakta rundt reforma. Vi i Fjordenes Tidende har prøvd så godt vi kan å få fram så mange sider som muleg rundt reforma i mange år på ein balansert måte.

Ei av utfordringane har heile tida vore dei mange spørsmåla rundt organiseringa av dei nye kommunane og fylkeskommunane som det ikkje har vore klåre svar på. Kven skal gjere kva og korleis skal tenestene organiserast?

Når eg ytrar meg på leiarplass så er eg verken byråkrat, politikar, medlem av noko politisk parti eller interesseorganisasjon. Mi rolle er å kommentere aktuelle hendingar utan at dette skal stå i vegen eller legge premissar for journalistikken til Fjordenes Tidende. Skal vere ærleg på at dette er ein vanskeleg balansegang.

Du har din fulle rett til å meine at eg ikkje gjer jobben min og ikkje fyller denne rolla bra nok. I leiaren tysdag, der eg reiste spørsmål ved organiseringa av Vestland fylke, så kommenterte eg utfordringane med det som ser ut til å bli resultatet, at økonomien i den nye fylkeskommunen er veldig utfordrande. Sett i lys av det kommenterte eg at det er vanskeleg å forstå at det då blir investert i fleire leiarar i den nye Fylkeskommunen enn det er før reforma.

Dette har eg kommentert fleire gonger tidlegare både når det gjeld organiseringa av Vestland fylke og Kinn kommune. Litt rart om du ikkje har fått det med deg.

Fjordenes Tidende si oppgåve er å stille spørsmål og prøve å finne svar på vegner av folk i dekningsområdet vårt. Vi er ikkje politikarar. Det er byråkratar og politikarar som har ansvaret for å lage løysingane, fordele verdiar og gjere vedtak. Ei av utfordringane med heile reforma er at det har vore så mange spørsmål som det ikkje har vore gode svar på. Det har eg kommentert på leiarplass fleire gonger før. Eg har og kommentert at det vore skapt store forventingar til at reforma skal lage sterke og slagkraftige regionar som skal gje innbyggarane betre tenester. Usemja og kranglinga denne reforma har ført med seg står i sterk kontrast til desse forventingane.

Eg trur det er rett å endre kommune- og fylkesgrensene og at det er tid for å tenke nytt i måten dei organiserast på. Så ser ein at etter kvart som løysingar blir vedteke så er det ikkje alt ein er einig i. Eg tenker at dette ikkje er svart kvitt. Noko kan bli bra og noko anna mindre bra. Det er ei utfordring at dei som er imot reforma er kritiske til alt og dei som er for den ikkje gir utrykk for at det er utfordringar. Hadde frontane vore litt meir audmjuke så hadde kanskje prosessane blitt betre.

Eg som redaktør og vi i pressa får både ris og ros. Begge deler er med på å utvikle oss.

Ynskjer deg ein god sommar.