Lesarinnlegg:

«Nedarva kunnskap»

Meninger

Dette diktet er skrive av Øystein Sandøy:

Nedarva kunnskap

Ein kunst som eg stadig fekk prøve,
men aldri fekk heilt taket på:
Kvar ledig stund trene og øve,
på kunsten å bryne ein ljå.

Kvar einaste, bidige sommar,
vart ljåane slipte i fleng.
Med farfar som slipar og dommar,
og meg som sveivande dreng.

Når eggen til slutt kunne lyne
skarp som ein rakekniv,
så fekk han ein omgang med brynet,
og var dermed operativ.

Eg fekk sleppe til, langt om lenge,
så smått å handtere ein ljå.
Og under formaningar strenge,
endeleg prøve å slå.

Det gjekk vel sånn passe i starten,
med halvt om halvt mold og gras.
Av bøen såg mesteparten
ut som eit nygått ras.

Korleis det no enn måtte gjerast,
å prøve og ro meg i land.
Her måtte ein ljå reparerast,
med bryne og ukyndig hand.

Men korleis eg brynte og banna,
og streva i håplaus stil:
Så ikkje forpint og forbanna;
han beit som ei gamal fil.

Og då eg, fortvila og gåen
gav meg, kom hjelpa til slutt.
Farfar tok brynet og ljåen,
og så, på eit lite minutt

med brynet i sving over eggen,
han beit som eit barberblad.
Der eg møtte hardaste veggen,
hadde farfar ei doktorgrad.

At kunnskap er nedarva ballast,
trur eg så visst ikkje på.
Ein ting som ikkje kan arvast,
er kunsten å bryne ein ljå!