Lesarinnlegg:

«Baklengs inn i framtida»

Dette lesarinnlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag.  

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag.

Baklengs inn i framtida

Ein vanleg reaksjon frå regjeringa og deira drabantar er å skulda motstandarar av deira sentraliserande reformer for å gå baklengs inn i framtida. Slik raljerte også Høgre sin ordførarkandidat i Rana, Anita Sollie, i eit åtak på Iren Beathe Teigen i Lurøy Sp for hennar uro over nedleggingsspøkjelset som heimsøkjer oss. Teigen parerte glimrande m.a. med: «Å leggja ned Campus Nesna er mykje verre enn å gå baklengs inn i framtida – det er å snåva attende til åra før 1918.»

Katastrofe råkar ikkje berre vesle Nesna, men også resten av Helgeland og i siste instans heile Noreg når undervisningstilbod i distrikta vert rasert. Etter 101 år som stødig leverandør av kvalitetslærarar forsvinn altså den tradisjonsrike institusjonen ytst på det vene neset. Same lagnad lir sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Også der har ein særs høg andel av dei uteksaminerte vorte att som sårt naudsynt personell i regionen.

Då regjeringa ved dåverande undervisningsminister Røe Isaksen pressa gjennom samanslåing av universitet og høgskular, hevda dei sin rett og plikt til å leggja sterke føringar i utdanningspolitikken. Samstundes garanterte dei at ingen lærestadar skulle verta lagt ned. Når det likevel skjer, stikk dei hovudet i sanden og seier at dei ikkje kan blanda seg bort i slike strukturelle grep. Brått er det meir opportunt å leggja viktige samfunnsmessige avgjerder i hendene på Universitetsstyra. Kjøttvekta der kan så overkøyra satellittane i organisasjonane, lærestadar som gjennom prosessen mista sin autonomi. Slik gjer regjeringa seg skuldig i politisk svindel, ein direkte skurkaktige oppskrift på sentralisering.

I kommunereformen låg ein klar føresetnad, presisert av Stortingsfleirtalet: Det skulle vera reell friviljugheit for kommunane i prosessen. "Reell" burde jo tyda at det ikkje vart nytta korkje tvilsam lokkemat, trugsmål, økonomisk strupetak eller det som verre er. Sistnemnde alternativ vart sentralmakta si løysing mot ein del kommunar som ikkje lot seg pressa til «friviljug tvang». Rein, skjær tvang er også metoden når fylke hals over hovud, utan korkje ordentleg utgreiing eller høyringar vert slegne i hop.

Framfor å skriva om slike openberre lovnadsbrot er Dagens Næringsliv av dei som heller nyttar same retorikk som dei blå-blå. Under tittelen «Bremseklosspartiet» går avisa 6/7 på leiarplass til kraftig åtak på Senterpartiet som tillet seg å tala makta midt i mot anten det gjeld undervisnings-, kommune-, helse- eller justissektoren. Med føretaksmodellen, som Sp har vore i mot fra starten, kan staten også der skyva ansvaret over på styra ved opprør mot nedlegging av sjukehus, ambulanse-, føde- eller andre helsetilbod. Redaktørane i Oslo vert ikkje råka av slikt, ei heller når lensmannskontor forsvinn frå distrikta. Er det ikkje då godt at befolkninga der har parti som står opp for dei?

«Reversering» har vorte eit skjellsord flittig nytta mot dei som vil omgjera sentraliseringsvedtaka, men kven er det som eigentlig reverserer? Finnmark og Troms til dømes vert sett attende til 1866, året dei vart delt. Suksessfylket Sogn og Fjordane, sjølve utstillingsvindauget for smådrift, vert igjen underlagt Bergen slik det var før 1763. Kommunar som gjennom Formannskapslovene av 1837 vart sikra lokalt sjølstyre, mistar det no. Er ikkje dette då sjumilssteg attende mot det forhatte embetsmannsveldet frå før den tid?

Eit halvt år før kommunereforma for alvor vert sett ut i livet, la Statistisk sentralbyrå nettopp fram tal som syner stor vekst i byråkratiet i kommunane som allereie er eller vert slegne saman. I tillegg til dei varige kostnadane ved det kjem dei enorme utgiftene som er brukt i prosessane. Medan kommunalminister Mæland aviser dette som tal og metodar som ikkje gjev meining, kan dei som har studert historia innan feltet, seie: «Kva sa vi?» Teoriar om stordriftsføremoner og rasjonaliseringsgevinst har det vore mange av kvar gong fusjonsfantastar har sett dagsorden, men kor er døma frå røynda? Heilt typisk er det at antal tilsette i nydanninga vert høgare enn summen i dei gamle. Hadde det vorte spart så mykje som ei krone på dei samanslåingane Erna med sin pisk- og gulrotmetode fekk til som kommunalminister (2001-05) eller då 19 kommunar vart slukt av næraste by frå 1988 til 1994, hadde nok ho, Sanner og Mæland banka oss i hovudet med tala. Etter at Danmark gjennomførte reforma si i 2007, er det også vanskeleg å få auge på økonomisk gevinst, og byråkratiet vart ikkje berre sentralisert. Det auka der også.

Høgre-ordføraren i Holmestrand, som la under seg Hof i fjor og får tilført Sande ved nyttår, er av dei som vedkjenner veksten i byråkratiet. Han pyntar på det ved å framheva at samanslåinga fører til halvering av talet på kommunestyrerepresentantar, folket sine ombodsmenn som for ei stor del utfører gjerninga si på fritida. Vert det ikkje då noko malplassert, akkurat som ved bruken av ordet «nærpoliti», å kalla det ei demokratireform?

Saman med SV, Raudt og MdG står Sp med Liv Signe Navarsete i spissen også med stive bein på bremsepedalen kva gjeld flyttinga av dei maritime overvakingsflya frå Andøya til Evenes. Her har dei full støtte frå eit nær unisont flyfaglig miljø som fryktar at Luftforsvaret vil verta påført enorm og kan hende uoppretteleg operativ skade. Budsjettsprekk er ikkje noko ukjend fenomen hjå forsvarsmakta. Ingen bør derfor få sjokk om det her vert sett ny rekord i milliardsluk, men talrike åtvaringar og nye moment vert ignorert av dei som ser ut til å higa etter forandringar berre for forandringa si skyld.

Når den reine reformpsykose rir landet som ei mare, treng vi ikkje då sårt ein bremsekloss? Dei som gjer seg ut for å vera så himla framoverlent, kan i alle høve risikera å gå kraftig på trynet medan dei kallar annleis tenkande for gamaldagse og sidrumpa bakstrevarar. For å sikra god samfunnsutvikling er det viktig sjå attende og dra nytte av tidlegare røynsler. Nettopp difor er det kan hende berre ein stor føremon å gå baklengs inn i framtida?