Lesarinnlegg:

«Vanlege folk»

- Vi er høge, lave, kloke, dumme, mørke, lyse, tynne, tjukke, rike, mindre rike, sterke, svake, nevenyttige, klønete, praktiske, teoretiske. Med andre ord: Folk!, skriv Øystein Sandøy. Arkivfoto 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Øystein Sandøy.

Vanlege folk

Som eit heidersteikn høyrer vi ofte dette: «Dei var heilt vanlege folk». Likeeins kan vi høyre i alskens debattar: «dette vil ikkje vanlege folk finne seg i». Og ikkje minst påberopar så godt som samtlege politiske parti seg å representere «vanlege folk».

Kven i alle dagar er denne diffuse massen? Og ikkje minst; dersom det finnast «vanlege folk», så må det og per definisjon vere nokon som ber merkelappen «uvanlege folk». Kven er det? Dei gamle bygdeoriginalane? Neppe, for dei er – dessverre – så godt som utdøydde. Personar med fysiske eller psykiske handicap? Kanskje, men ein skal vere nokså brutal og kjenslelaus i uttrykksmåten for å henge karakteristikken «uvanlege folk» på dei. Det gjer vi heilt enkelt ikkje. Rikingar? Idrettsheltar/heltinner? Folk med sjeldne yrkestitlar? Mogeleg det, men spør vi dei ansikt til ansikt, så tek eg eit rimeleg stort veddemål på at dei utan å blunke plasserer seg i kategorien «vanlege folk». Og meinar det!

Det er valkamp for tida, og eg registrerer at våre politikarar og partia deira bortimot spring så sveitten renn mot det målsnøret som ber dei ettertrakta orda «Representant for vanlege folk». Men eg kan tenkje meg å be dei slakke av på tempoet litt, ta seg ein naudsynt pustepause og sjå litt stort på at konkurrentane halsar vidare med tunga ut av kjeften. For eg vågar bramfritt fylgjande påstand:

«Vanlege folk» eksisterer ikkje! Like lite som at det eksisterer «uvanlege folk»! Det finnast «folk». That’s it! Denne massen består av enkeltindivid, der antakeleg ikkje to er heilt like. Samtlege har ulike føresetnader med omsyn til arv, miljø, oppvekst, evner, vilje, ambisjonar, fysikk, psyke, og så vidare i det uendelege. Å koke alle desse i hop til ein konform graut som dei enkelte politiske parti med salvelsesfull røyst seier seg å tale på vegne av, blir i mi verd bortimot respektlaust. Det er blitt ein floskel, ei pusteøving, ein knapp å trykkje på når korta på handa neppe held til å innkassere jekkpotten. Like ille som den andre knappen, naudbremsa som det uavlateleg dragast i: «Forskning viser at……»!

Det bør aksepterast her i vesle, rike Norge at til dømes nokre tener seg både velståande og rike, så lenge det skjer på ærleg vis, og at resten av befolkninga heng nokolunde med. På same måten må vi tåle at huset til naboen er litt finare, at karakterane til personen på pulten attmed er litt betre, og til og med at venninna til kona er både langbeint og barmfager der vår kjære fru klagar over ei lita dobbelthake og ein cellulitt eller to. Det kan i beste fall vere ein spore til innsats både her og der, i staden for til ergrelse, og i verste fall ein type misunnelse som gjer at vårt einaste pre i eigne auge blir at vi tilhøyrer den store, kvite flokk som kallast «vanlege folk».

Vi er høge, lave, kloke, dumme, mørke, lyse, tynne, tjukke, rike, mindre rike, sterke, svake, nevenyttige, klønete, praktiske, teoretiske. Med andre ord: Folk!