Lesarinnlegg:

«Handlekraft mot vindkraft!»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Bent-Inge Borgund, Stad SV:

Handlekraft mot vindkraft!

Det er for tida stort engasjement angåande den planlagde utbygginga av Okla vindkraftverk på Stad. Det forstår eg godt, og dette er eit engasjement eg delar.

Det er enorme, øydeleggande, og uopprettelege inngrep som er planlagt.

Med den kunnskapen og innsikta vi sit med no, så er det ufatteleg at det er gjeve konsesjon, og enda meir tragisk dersom vi ikkje prøvar å gjere noko for å stoppe utbygginga.

Eg opplever ein for meg uforståeleg resignasjon og ubesluttsomheit blant politikarane. I den seinare tid har eg snakka med fleire ,både sittande politikarar, og listekandidatar til nye Stad kommune. Omlag alle fortel at dei skulle ønske at det ikkje vart noko av vindkraftverket, men at det no dessverre er for seint å gjere noko med. Dei fleste seier dei vil respektere tidlegare avgjerdslar som er fatta i riktige demokratiske prosessar. Det er vel delte meiningar om kor redelig prosessen har vore med tanke på informasjonen som var gjett då søknaden var til behandling. Mange har i etterkant reagert på mangelfull informasjon om konsekvensane, og misvisande visualisering og formuleringar.

Nokre politikarar svarar folkebevegelsen som no krev vindkraftutbygginga på Okla stogga, med å spørje om kor dei var då avgjerda blei teken. Ein kan då spørje seg i kva grad klarte ein å gje nok og riktig informasjon til folket. Når ein skal ta ei så viktig avgjerds, så må ein vel forsikre seg om at innbyggarane forstår saka, og får utale seg før avgjerda blir tatt. Eg har blitt fortald at ein meiner dette blei gjort. I kva grad ein har lykkast med det kan nok og diskuterast.

Med den kunnskap ein har i dag om både konsekvensane, og om kor lite eller ingenting ein får igjen for inngrepet, sei innbyggarane tilsynelatande klart nei til utbygginga. Og då er det vel rett så demokratisk at dagens politikarar lyttar til innbyggarane dei representerer. Eg håpar verkeleg at formannskapet i Selje kommune er dette ansvaret bevisst når dei har ekstraordinært møte om saka tysdag 13. august. Om ikkje kan vegen vere kort til skuldingar om maktmisbruk. Og det kling veldig dårleg når ein snakkar om respekt for demokratiske prosessar.

Eg både les og høyrer politikarar som forklarer at ein ikkje berre må la denne saka avgjere kva ein stemmer med valet. Dei viser til at det er mange andre faktorar som er viktige. Som oppvekst, helse og omsorg, samferdsle med meir. Dette trur eg at veljarane er klar over. Vi er vel mange- om ikkje alle parti som meiner vi har gode prioriteringar på desse områda. Men det er vel ingen grunn til å la vere å engasjere seg i ei så viktig enkeltsak som denne kraftutbygginga er.

På mange områder, og i mange saker kan kunnskap, innsikt og haldningar forandre seg med tida. Men dersom ein som politikar forstår at ei avgjerd er feil, og unnlèt seg å prøve å forandre den, så meiner eg at ein sviktar både seg sjølv og dei ein skal representere. Konsesjonen er gjeven, og ingen kan garantere no at vi greier å hindre utbygginga. Men at det er for seint det er eg ikkje med på. Når turbinar og anleggsvegar har overtatt det unike området, då er det for seint.

Om ein er for utbygginga av vindkraftverket, så er det ein ærleg sak, og eg godtek sjølvsagt det.  Eg har og respekt for at dei som fatta vedtaka i si tid, gjorde dette i beste hensikt. Men alle vi som no står mot må samarbeide og prøve å finne ei løysing. Ikkje bruke tida på å argumentere til kvarandre om kvifor det ikkje er, eller er mogleg.

Vi kan ikkje risikere å bli ståande i etterkant og gruble over ting som kunne vore prøvd. Skal vi klare å stoppe prosjektet før utbygginga tek til må vi stå samla, prøve alt, og handle no!