Lesarinnlegg:

«Vår viktigste motstandar er motløysa»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Kinn Raudt sin ordførarkandidat. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Kinn Raudt sin ordførarkandidat.

Vår viktigste motstandar er motløysa

I år er det fleire enn før som (i alle fall til meg) seier at dei ikkje skal stemme. Argumentet er at det ikkje nyttar. – Sjå bare kva som skjedde i folkerøystinga om Kinn, seier folk. Politikarane køyrer over folket og nektar å lytte. Elling Bortne skreiv eit innlegg der han sette ord på det mange i Vågsøy føler framfor dette valet. Eg forstår at folk føler seg svikta og trampa på. Eg forstår at den såkalla politikarforakta brer seg. Men eg kan ikkje godta at dette fører til at fornuftige og forstandige folk endar opp med å bøye nakken og «legge inn årane». Det einaste ein oppnår med det er at ein overlater alt til dei som syns sviket og overtrampinga er greitt. Som meinar at uansett om 90% av folket meinar noko så kan politikarane gjere det motsette. For trur du desse velgarane let vere å stemme? Sjølvsagt ikkje! Dei syns jo dette går rette vegen og at «vårt representative demokrati» fungerer slik det skal.

Folkerøystinga kunne politikarane velge å sjå bort i fra. Den fridomen hadde dei faktisk. Det kan dei ikkje gjere med valresultatet. Ingen kan overprøve det. Det er faktisk, når ein tenkjer etter, ein av dei aller beste måtane vanlege folk har til å seie i frå. Til å gje svar på kva ein syns om den utviklinga våre folkevalde har stått i spissen for. Å melde seg ut, å boikotte valet, forverrar faktisk situasjonen. Det må alle ta inn over seg. At vi har eit ansvar for å seie i frå. Vi har alle ansvar for å støtte opp om det vi meinar er bra og rett – og vi har eit (minst) like stort ansvar for å seie i frå når vi meinar det ber gale av stad. Tenk etter: Kven i all verden skal sørge for at skuta kjem på rett kurs hvis du som ser at vi styrer på grunn berre går og legg deg. Og kven skal stå til rors for å rette opp skuta hvis ikkje du er med og sørger for at dei du meiner er best skikka får tillit?

Det finst regimer ut i verda der valsystemet er så korrupt at det einaste rette er boikott. Men vi er ikkje der. Overhode ikkje. I år, meir enn nokon gong, er det viktig å delta. Bruk muligheiten til å seie frå. Poltikarforakt kan enkelt kurerast. Det er berre å stemme ut dei politikarane som foraktar folket.