Lesarinnlegg:

«Vindmøllene utslettar villmarka»

Dette lesarinnlegget er skrive av Jeffrey Meijer (f.v.) Mari Ryland Røys og Marthe Hammer. Foto: Privat 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Mari Ryland Røys, 2. plass Bremanger SV, Marthe Hammer listetopp Vestland SV og Jeffrey Meijer, 3. plass Bremanger SV og ungdomskandidat Vestland SV:

Vindmøllene utslettar villmarka

Gigamøllar skal rasere naturen i vårt kjære Bremanger. Landskapet brytast ned, insekta blir most, og fuglane bankast i hel. På toppen av dette kjem lydstøyen, og ytterleg fleire kraftlinjer. I Bremanger har allereie Sørdalen naturreservatet (Ålfotedalen) blitt overkøyrt av kraftleidningar, no skal det same skje i Bremangerlandet, samt endå fleire kraftmaster gjennom Sørdalen. Dei vindmøllene som skal byggjast i Bremanger er ikkje godarta på noko vis.

I mai publiserte FN sitt naturpanel ein dyster rapport. Ein rapport som viser at ein million av dyreartane og plantane på jorda er trua av utrydding. Den viktigaste grunnen for dette er menneske sitt inngrep i naturen, samstundes som klimaendringar er den tredje største grunnen.  Utrydding av artar vil føre til kollaps av økosystem, som igjen vil føre til utrydding av livsgrunnlaget vårt.

Vindkraft er ikkje akkurat eit lite inngrep i naturen, om vi lar vindmøllene sitt inntog i Bremanger halde fram så vil dette gå på kost av dyreliv, i stor motsetning til det FN sin rapport viser at vi bør gjere. Eksempla er mange på at vindkraft faktisk fører til eit tap av biomangfald. Blant anna har tyske studiar vist at heile 1.200 milliardar insekt døyr grunna vindkraft i Tyskland (NRK 28.5.19), og berre i Smøla i Møre og Romsdal er det funne 500 daude fuglar som følje av kollisjon med vindturbinar. Av desse var 100 stykk ørn (NRK 25.5.19), noko vi ikkje akkurat har mangel av på Bremangerlandet.

I samband med dette verkar det som komplett galskap å byggje ut vindkraft på Bremangerlandet. Det er ikkje noko som berre SV i Bremanger meiner. I høyringa til nasjonal ramme for vindkraftutbygging som NVE hadde ansvar for kravde både Miljødirektoratet og Riksantikvaren at Bremanger skulle ekskluderast.

SV har vist tydeleg motstand i kampen mot møllemarerittet som har kome til Vestlandet. I fylkestingprogrammet står det at vi er: «mot utbygging av meir vindkraft på land fordi utbygging etter dei planar som ligg føre vil ha store negative fylgjer for natur og miljø». I kommunevalprogrammet til Bremanger har vi festa at det ikkje skal byggjast fleire møller i Bremanger, og Bremanger SV går imot vindkraft i Bremangerlandet.

Ein kan altså vere sikker at dei som står på lista til Bremanger SV vil kjempe med nebb og klør for eit møllefritt Bremangerland. Dette i motsetning til ei framtid der fuglane sine nebb og klør blir reven i stykke av vindmøller.