Eg seier ja til Bremanger

Elisabeth B Hatlenes. 

Meninger

Dette innlegget er laga av Elisabeth B Hatlenes, odførarkandidat for Høgre i Bremanger

I 2016 hadde vi ei sak i kommunestyret om å gå i samtale om kommunesamanslåing med Flora og Vågsøy. Den gongen meinte eg at Bremanger hadde gode forhandlingskort. Eg såg moglegheit for å sikre Bremanger eit rådhus og sørge for attraktive stillingar for både menn og kvinner. Svelgen som eit senter i ei stor kommune. Utfallet av desse forhandlingane skulle danne grunnlaget for mi meining om vi burde gå inn i Kinn eller ei. Fleirtalet var i mot dette.

Kinn sender eit nytt spørsmål om å delta i forhandlingar. Denne gongen takkar fleire i høgre nei. Vi meinte at denne saka var ferdig avklart i kommunestyret i 2016, og sa nei fordi vi har respekt for dei vedtak som var gjort. 

I dag er våre forhandlingskort når det gjeld Kinn dårlege og toget er gått. Det er årsaka til at eg meiner Bremanger skal stå åleine, og grunnen til at eg seier nei til Kinn, nei til Stad og JA til Bremanger.

Folketalsutviklinga er vår største utfordring. Det er folketalet som dannar grunnlag for tenestestrukturen vi har i dag. Dersom barnetalet går ned er behovet for helsestasjonar, skular, barnevern, ppt og barnehagar vanskeleg å oppretthalde. Derfor må vi må gjere eit krafttak for å snu folketalsutviklinga. Vi går til val for å gjere Bremanger til ein attraktiv kommune å bu og arbeide i. Da må vi spele på lag med bedriftene og lytte til deira behov.

Kvifor bør vi samarbeide? 

I dag har vi fleire interkommunale samarbeid og kjøp av tenester frå andre kommunar. Hovudgrunnen er at vi ser det er lønnsamt og vi får kvalifiserte fagfolk til å utføre tenestene. Eg har stor tru på at dette er vegen å løyse ein del av utfordringane vi står over, og eg meiner kommunen vår bør vere endå meir framoverlent. Vi må sørge for at desse samarbeida kan liggje i vår kommune slik at vi kan skape og bygge opp kompetanse, og attraktive og gode arbeidsstadar.

Derfor seier eg JA til Bremanger og JA til samarbeid.