Utbygging av vindkraft på Okla og folkemotstand

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette innlegget er av Hans Christian Hansen , Stad Landskap

Har i den siste tida fått inntrykk av at det er vorte ein stor folkemotstand mot utbygging av vindkraft på Okla i Selje kommune. Slik var det og tidleg på 2000 talet på Hoddevik fjellet, her sa kommunepolitikarane ja til ei utbygging, men dette vart stogga i siste instans i OED.

Frå fyrste folkemøte om Okla i 2007 til vedtaket vart tatt og konsesjon gitt i 2013, hadde Stad Landskap, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane turlag, Stopp Rasering av Kysten inne fråsegner retta mot Selje kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Olje og Energi departementet, og NVE.

Okla saka var konstant i aviser, radio og tv, både lokalt, fylkes og i riks media, men til tross for enorm motstand vart vedtaket tatt, og konsesjon gitt. Det er difor med stor undring at Stad Landskap  har blitt fortalt at det var eitt nytt vedtak på dette i 2017, utan at vi har hatt høve til å levere ei fråsegn.

At media trykker utsegner om liten motstand bør media ta på eiga kappe, NRK S&F, Firda, FJT, Fjordingen samt NRK nyheiter har arkivstoff som viser hundrevis av avisinnlegg, dei kan dokumentere dusinvis av debatter i kommunestyremøte, fylkeskommune møter samt folkemøte angåande vindkraft både på Stadlandet, men og i nærområde som du kan sjå frå Okla. Det er opptak både frå NRK, TV2 og radio i fylke og riksmedia. Så det som vert sagt om liten motstand er reinspikka løgn, og dei som seier slikt har ikkje noko i ein slik sak å gjere. 

Inne på Selje kommune si heimeside er det lagt ut arkiv frå denne saka og Hoddevikfjellet, utan at vi kan sjå at fråsegner er tatt med. Man kan mistenke at det vert forsøkt å lekke lokk på den motstand som har vore, slik at det lettare kan starte ei utbygging på Okla. Men skal denne saka belysast på nytt bør Selje kommune legge fram alle fråsegner som har vore mottatt, både på Okla og frå Hoddevikfjellet. Dette fordi avstanden mellom den eine utbygginga til den andre er minimal, særskilt for fuglar.

Stadt platået er i nasjonal og verdssamanheng eitt unikt landskap, med lyngheier, trekkruter for trua fugleartar og ei utsikt folk frå heile verda valfartar til for å oppleve. Vi har ei plikt på å ta vare på dette unike landskapet for kommande generasjonar og for det dyrelivet som framleis eksisterer.

Eitt av hovudargumenta for utbygging ar at vi skal bidra til å sikre straumforsyninga i andre land i Europa og på den måten fase ut andre forureinande kraftverk, som kol. Det vert påpeika frå andre land og ein orginisasjon som EPAW (European protest organisasation against windpower), at vindkraft ikkje erstattar andre typer kraftindustri, den kjem i tillegg til. Menneskje på denne jorda er satt til å forvalte den, ikkje til å øydeleggje. Å sikre andre europeiske land med energi frå urørt norsk natur er foruroligande og bør stoppast.