Lesarinnlegg:

«Kunnskap og mestring i skulen»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Vidar Grønnevik, 2. kandidat, Kinn Høgre:

Kunnskap og mestring i skulen

Det er stor forskjell mellom klasserom, mellom skular og mellom kommunar og fylke i kor stor grad elevane lykkast.

Kinn Høgre ser det som ei av sine oppgåver å jobbe aktivt for å skape ein så god skule at det er eleven sitt talent, sine interesser og sin innsats som avgjer – ikkje om eleven er gut eller jente, om foreldra er født i Norge eller eit anna land, om foreldra har kort eller lang utdanning eller om eleven går i A-klassen eller B-klassen.

Studiar viser at når elevane startar igjen etter ferien, så kan det skilje så mykje som eit år i læring mellom elevane som går på ein god skule og elevane som går på ein dårleg skule.

Norge har blant dei beste utgangspunkta i verda for å skape ein skule med moglegheiter for alle – det har også kommunane.

Ein god og likeverdig skulegang er nøkkelen til sosial mobilitet for den enkelte, og små forskjellar i samfunnet. Kampen mot forskjellsskulen er derfor også kampen for kunnskapsskulen.

Høgre i regjering har tatt fleire grep som skal hjelpe oss lokalt til å bli betre, med m.a. krav til fleire lærarar i norske klasserom og lovfesta plikt til for skulen til å gje intensiv opplæring i lesing, skriving og rekning i 1.-4. klasse for elevar som vert hengande etter.

Vi har ei plikt som foreldre, politikarar og som vaksne til å gje barna ein god oppvekst og ei god utdanning. Forskjell-skulen må bekjempast ved å prioriter det viktigaste først – nemleg kunnskap og meistring i skulen.

Høgre vil fortsette å stå fast på at lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i og vere opptatt av at alle elevar skal lære seg å lese, skrive og regne fordi det er så viktig for å meistre andre fag i skulen.

Kinn Høgre vil ha kunnskap og meistring i skulen som eit av sine fokusområde i det politiske arbeidet når Kinn kommune ser dagens lys den 1. januar 2020 og legge mykje arbeid i å sikre at elevane som går ut av skulen i Kinn kommune skal ha god kunnskap og høgt meistringsnivå.