Lesarinnlegg:

«Valkampen er i gang!»

Dette innlegget er skrive av Judith Kvåle. Foto: privat  

Meninger

Dette innlegget er skrive av Judith Kvåle.

Valkampen er i gang!

No er sommaren over for alle folkevalde, og innbyggarane i dei respektive kommunane vert underhaldne av ulike folkevalde sitt behov for å love gull og grøne skogar. Og som pynt på kaka engasjerar rikspolitikarane seg og med ulne beskjedar om rammevilkår. De har høyrt det før, og som alle år, vel ein å tru det som passar eiga overbevisning, og å sjå vekk frå mykje anna. Vi er no ein gong slik laga at den endringa vi vert utsett for, ynskjer vi å ha ei viss kontroll over.

Eg let meg underhalde eg og. Eg syns det er litt fasinerande at nokon folkevalde gir løfte om å gjere endring på noko som ligg på eit anna folkevaldnivå. Som frp som lovar å arbeide for at fv 618 skal verte rassikra. Mynda ligg på fylkestinget, og det er no ein gong slik at det er innstillingane til RTP som er viktige der. Sist innstilling hadde vi problem med å få med oss Frp på å prioritere 618, men det er kjekt å sjå at framtidige innstillingar vert annleis. Merk dykk dette. Eg har ikkje sjekka Frp sitt fylkesprogram, men eg går ut frå at fv 618 er prioritert der også, sidan dette skal prioriterast i Stad Frp – og mynda som sagt ligg på fylkestinget. Eg berre undrar.

Eg løftar augebryna rundt ein oppkonstruert skulenedleggingsdebatt også. Alle folkevalde i ei kommune veit at den praktiske mynda ein har, ligg i å fordele knappe ressursar til lovpålagde tenester slik at dei held ein standard som innbyggarane har fortent. For det er standarden som er viktig her, og AP har kvaliteten i fokus. Det er ingen skular som er trua av nedlegging i Stad kommune, tvert i mot er det eit ynskje frå AP å implementere kommunal skule på Bryggja.

Riksmedia har kopla seg opp mot valkampen vår og. Eg fekk mail frå VG om å fylle ut ulike spørsmål og svar for å kunne bli vegd og målt i galluppar i distrikta. Mange av spørsmåla er heilt uaktuelle for distriktet vår, nokon hadde eg problem med å forstå, og eg hadde vondt i magen av heile greia. Eg opplever at engasjementet mitt for Selje og Stad kommune vert gjort om til forenkla svar på komplekse problemstillingar berre for å underhalde. For det er ikkje folkeopplysning VG driv på med,  dei prøver kun og blott å auke opplagstala sine på bekostning av nattesøvnen til engasjerte menneskje i det ganske kommune-Noreg.

Så kvifor engasjerar eg meg då? Eg engasjerar meg fordi eg trur på fellesskapet. Eit fellesskap for alle. Eg pleier å forklare det til ungdomar med at det å ha eit sterkt sosialdemokrati i landet er som å ha teikna alle forsikringar ein kan kome på. Ingen planlegg å få problem i framtida si, men erfaring frå eit langt arbeidsliv i helse, sosial og omsorg viser at alle menneske, uansett samfunnsklasse, kan få utfordringar. Og det hjelp ikkje med pengar i banken når depresjonen tek kvelartak, eller angsten invalidiserar deg. Pengar kjøper deg ikkje ut av familievald eller avhengighetsproblematikk. Vel kan ein kjøpe seg tenester og behandlingar med pengar, men fellesskapet og inkluderinga i fellesskapet er den viktigaste faktoren i alle liv, og den må investerast i med engasjement, samhandling og å bidra etter evne – for då får ein etter behov.

Eg forstår at det ikkje er så fengande å gå til val på sunt folkevet, men eg trur likevel at det er det veljarane vil ha. Eg trur ikkje veljarar let seg lure av valflesk, og eg trur ikkje at det er alle desse løfta og populistiske utspela som gjer at ein person får tillit som fokevald. Eg trur det handlar om hardt arbeid, gode debattar og det å vere tilgjengeleg for innbyggjarane – og i praksis vise at ein står for det ein har sagt.