Lesarinnlegg:

«Venstre si liste, ei liste for alle»

  Foto: egil aardal

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hilmar Eliasson, 6. kandidat Kinn Venstre og bystyrerepresentant i Flora bystyre:

Venstre si liste, ei liste for alle

Kinn Venstre går til val på 5 grunnleggjande prinsipp som skal vere styrande for alle politiske saker:

  • Kommunen er først og fremst til for innbyggjarane
  • Det viktigaste og det lovpålagte skal kome først
  • Dei folkevalgte skal ta ansvar og styre kommunen
  • Kommunenen skal ha ei forsvarleg økonomistyring
  • Bærekraftig utvikling og omsyn til miljøet skal ligge til grunn for alt kommunen gjer

Derfor har vi i vårt arbeid med å stille ei liste funne det viktig å ha med flest mogleg med ulik alder, geografi, bakgrunn og erfaring både politisk og elles. Til dømes har vi:

Jacob Nødseth, 31 år og den yngste ordførarkandidaten, som samstundes er ein av kandidatane med lengst og breiast politisk erfaring både innan kommune- og fylkespolitikk og Stortinget. I tillegg er han advokat.

Ein god geografisk profil, der vi har gode namn frå Måløy og Florø, samstundes som vi dekker aller meste av distrikta rundt desse sentra. Fordelinga by og distrikt er 16/18. Spesielt synest eg det er gledeleg at vi har mange gode kandidatar frå øyane som alle har vore aktive i all den positive aktiviteten som går føre seg der. Her har og Jan Henrik Nygård vore ein god medspelar som varaordførar.

For å få auka busetting er det viktig at vi tek ungdommen på alvor og høyrer på det dei finn viktig i ein ny kommune. Venstre har ei liste full av gode ungdomskandidatar, som har vore svært aktive både i skule- og ungdomspolitikken, og i kommune- fylkespolitikk. Om vi legg til grunn topp 20 så har vi ein snittalder på under 40 år. Daniel Gangeskar har lang fartstid som aktiv i unge Vestre og er 1 vara til fylkestinget, samstundes som han i dag sitter i Vågsøy kommunestyre. Amila Adzemovic og Njål Eliasson har vore svært aktive og viktige medspelarar som ungdomsrepresentantar i fellesnemnda for Kinn, der dei berre har fått gode tilbakemeldingar på det arbeidet dei har gjort. Rune H. Nygård, Sebastian Kvalheim og Trym Vorren er også gode og engasjerte ungdomskandidatar i tillegg til ei rekke andre unge kandidatar.

Kinn Venstre er den eine av berre to lister som stiller med ein kandidat som er meir enn 80 år. For oss er det viktig å ha med alle aldrar. Kolbjørn Løken er ein svært samfunnsengasjert kar som stadig er med i Venstre sine møter og stiller spørsmål og har gode refleksjonar rundt aktuelle tema.

Næring og utvikling er viktige kjernesaker for Venstre. Vi stiller ei liste med god bredde innan arbeidslivet. Det vere seg privat eller offentleg virksomhet eller lengde i erfaring. Fleire av våre kandidatar har erfaring innan leiing og kjenner godt til dei problemstillingane som ein ofte møter i grensesnittet mellom det offentlege og private.

Lista er full av folk som er eller har vore svært aktive innan frivillig arbeid både innan kultur, idrett og andre veldedige organisasjonar. Edvard Iversen har mellom anna vore mangeårig leiar av Tornado Fotball. Sjølv har eg deltatt i frivillig arbeid både innan kultur og idrett i fleire tiår.

Skule og utvikling er ei sjølvsagt kjernesak og i god tradisjon har vi og gode representantar for vårt skulevesen. Gode representantar for omsorgsyrka har vi og, med rikhaldig erfaring.

Valet i haust vert mest truleg det viktigaste i vårt nye fellesskap i ein ny kommune. Ulikskapar skal foreinast og ein skal finne den beste veg vidare utan at nokon føler seg utegløymt. Vi skal vidareføre det som er bra, og ta tak i og endre det som ikkje fungerer: Vi må skape ein ny kommune som møter publikum på ein betre måte enn det Vågsøy og Flora gjer kvar for seg i dag.

Kommunepolitikk avhenger mykje av å ha dei rette personane på rett plass. Kinn Venstre har ei slik liste med god balanse mellom geografi, alder og erfaring noko som gjev grunnlag for eit godt val, med eit beslutningsdyktig Venstre i det nye kommunestyre.

Godt val.