Lesarinnlegg:

«Om tillit og mistillit, makt og avmakt»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik, ordførarkandidat for Kinn Senterparti:

Om tillit og mistillit, makt og avmakt

For ei tid tilbake las eg ein artikkel i Dagens perspektiv at folk i diktatur har meir tillit til sine politikarar og deira styreform enn folk i demokrati har til si. No kan ein sjølvsagt argumentere med at menneske som lever under diktatur ikkje tørr å ytre mistillit til sine politikarar og styresett, men det eg la spesielt merke til er kor lav tiltru folk har til sine folkevalde i demokrati. Eit stort fleirtal av Noregs befolkning, heile 61prosent(!), føler at myndigheitene sjeldan eller aldri arbeider for å fremme deira interesser, og at folk har minimal innflytelse på politikken.

Spesielt i Vågsøy har vi no eit demokratisk problem. Grunna handteringa etter folkeavstemminga om Kinn har enkelte fått så lite tiltru til politikarane, og demokratiet at ein vurderer å ikkje nytte stemmeretten sin ved komande kommune- og fylkestingsval. Det er berre to taparar då: Demokratiet, og deg som lar være å stemme. Erik Bye har så klokt sagt at «politikere må engang lære, både i Norge og i andre land at de ikke er våre herrer. I demokratiene skal de være klar over hver eneste dag de våkner og hver eneste kveld de går å legger seg at de er våre tjenere. De er folkets tjenere.» Dette er eg heilt einig i. Men kven skal vi tene om fleste parten av innbyggarane ikkje nyttar seg av stemmeretten sin? Sjølvsagt dei som har nytta denne retten. Men kva om det store fleirtalet sit heime? Kva vil dei? Kva er dei opptekne av? Korleis skal vi klare å tene dei på ein god måte når ein ikkje veit kva dei vil? Eller skal vi i det heile teke gjere det? Dette er spørsmål som eg for tida reflekterer mykje rundt, og som ikkje finst noko enkelt svar på

Tillit er noko ein må gjere seg fortent til, og ta vare på. Og det viser seg at det skal lite til å misse tillit og truverd. Det har ein sett i Vågsøy dei siste åra. Det er trist å høyre at deler av befolkninga ikkje lenger har tillit til dei som sit i kommunestyret. Det vi ser konturane av i Vågsøy no er avmakt. Som Geir Oldeide i Raudt skriv «vår viktigaste motstandar er motløysa». Det har han heilt rett i. Men den er også vår farlegaste motstandar. For kva om alle gir opp? Skal vi overvinne denne avmakta må politikarane syne respekt for folk, høyre på dei, og syne at ein tek alle på alvor uansett politisk ståstad. Og vi må ha integritet. Berre slik kan vi gjenoppnå tillit. Og du? Du må ta makta tilbake. I første omgang ved å nytte røysteretten din, men elles også. Sei i frå når ting ikkje «heng på greip».

Vil du ha endring er det ein ting du i alle fall må gjere: bruk stemmeretten din.

Valresultatet 9. september kan ein like eller mislike. Men absolutt ingen kan overkøyre det.