Lesarinnlegg:

«Vindkraft i Stad kommune?»

– Det er ikkje berre snakk om vindmøller på Stadt, men i heile Stad kommune. Heile området i bakgrunnen inngår i NVE sitt kart over område eigna for vindkraft. Er det nokon av desse fjellryggane innbyggjarane er positiv til vindmøller på? Vi er nøydde til å rette meir merksemd på dette. Senterpartiet ynskjer god involvering av innbyggjarane, skriv Paul Jacob Helgesen (Sp). Foto: Privat. 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Paul Jacob Helgesen, ordførarkandidat Stad Senterparti:

Vindkraft i Stad kommune?

Det er brått blitt meir synleg for alle, eit stort engasjement mot vindmøller på Stadtlandet gjennom Facebook-gruppa «Nei til Vindmøller på Stadt». Motstanden må også tolkast som del av den generelle aukande motstanden mot utbygging av urørt norsk natur fleire stadar i landet. 

Senterpartiet meiner denne motstanden er på sin plass! At Noreg skal byggje vindmøller for å dekke Europa sitt behov for grøn energi er ikkje berekraftig. Det er difor viktig at vi som nasjon vaknar og trykkjer på bremsa for å finne det rette nivået. Sentralt har Senterpartiet tatt til orde for å gi kommunane vetorett slik at utbygging ikkje kan skje utan positivt fleirtal lokalt. Dessverre fekk dette forslaget frå Senterpartiet og MDG ikkje støtte frå Regjeringspartia og Ap. Vi registrerer no at KrF også ynskjer vetorett for kommunane. Det er bra.

Kva meiner Senterpartiet om vindkraft?

Senterpartiet meiner at all energiproduksjon skal vere basert på lokal/nasjonal offentleg eigarskap til naturressursane og at heimfallsretten vert gjort gjeldande. Difor ynskjer Senterpartiet å utgreie eit forslag til heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft, og vurdere naturressursskatt på vindkraft som kjem kommunane til gode. Senterpartiet i Vestland har programfesta fylgjande om fornybar energi:

  • «satse på framtidsretta energiproduksjon som mikro-, mini- og småkraftverk, vindkraft, bioenergi og hydrogenproduksjon.
  • støtte søknader om utbygging av fornybar energi der dette er eit ynskje frå lokale myndigheiter.
  • At vindkraft primært skal byggjast ut til havs. Omsyn til landskap og naturkvalitetar skal vege tungt ved vurdering av utbyggingar på land. Føresetnadane skal uansett vere lokal verdiskaping og at det må vere økonomisk forsvarlege utbyggingar.
  • at vindkraft på land berre må byggjast i tråd med lokale ynskje og kommunestyrevedtak.»

Stad Senterparti skriv i vårt valprogram for 2019-2023 at vi vil «vere positiv til havvindmøller, bølgjekraft, og vasskraft. Senterpartiet er skeptiske til vindmøller på land.» Havvindmøller vil heller ikkje vere utan konfliktar. Her må også naturomsyn vege tungt, og ikkje minst må eksisterande fiskeriinteresser gå framfor nye næringsinteresser som vindkraft til havs.

Ut frå vårt program vil Stad Senterparti vere imot nye løyver, eller utviding av eksisterande løyver (Okla) ute på Stadlandet. Etter våre prioriteringar vil vi heller ikkje vere positive til forlenging av løyve når eksisterande løyver går ut. Dette betyr at utbyggjar i utgangspunktet må vere førebudd på å ta ned vindmøllene og stå for tilbakeføring for eiga rekning.

Løyve som er gitt, er blant anna tufta på bakgrunn av eit kommunestyrevedtak med 16-1 fleirtal. Kommunen må sikre at grunneigarane vert ivaretatt i den vidare prosessen og at alle vilkår blir innfridde. Kommunen bør også spele på lag med motstandarane for å sikre gode svar på dei spørsmål som sår tvil over vedtaket sin gyldigheit.

Utover dette meiner Stad Senterparti at vi må rette meir merksemd mot NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land. Olje- og energidepartementet (OED) gav i brev av 9.2.2017 Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å lage et forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land.  Eit av områda inkluderer komande Stad kommune heilt frå Haugen – Bryggja, og vidare til og med Tarvaldseggja ovanfor Selje (sjå kart). Her har vi påverknadskraft. Fristen er 1. oktober for svar. Vi har difor dårleg tid for å undersøke kva folket meiner om dette. Er det like stor motstand mot etableringar i desse områda? Eller er det nokon areal som både er eigna og har støtte blant folket som bur der? Viktig å få gode involverande prosessar for unngå konfliktar i framtida.