Lesarinnlegg:

«Får andre bestemme leggjetida di?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland, 7. kandidat Kinn Sp. Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland, 7. kandidat Kinn Sp.

Får andre bestemme leggjetida di?

«No rotar du deg ikkje inn i noko politisk!», var den klåre beskjeden frå kona mi vinterkvelden eg var på veg til mitt første møte i Vågsøy Senterparti.

Dette var ei stund før Kinn-skuta for fullt hadde lagt frå kai.

Ved kommunevalet no i haust står eg på 7. plass på vallista til Kinn Senterparti.

Kvifor står eg på vallista og kvifor skriv eg dette innlegget?

Eg har heile livet følgt med på kva som skjer i samfunnet, både lokalt og nasjonalt.

Samstundes har eg, forutan nokre blaff, ikkje engasjert meg noko særleg politisk.

Eg har hatt den trua at dei som står for styr og stell har hatt ein annan innsikt og har visst meir enn eg sjølv har gjort.

Eg har difor stolt på at desse folkevalde har ivareteke fellesskapet sin økonomi og interesser.

Dei siste åra har det derimot demra for meg at eg nok har vore naiv.

Eg har motvilleg måtta innsett at dei folkevalde faktisk er heilt vanlege menneske som meg og deg.

Dei veit diverre ikkje nødvendigvis betre enn oss andre.

Riktignok har dei lese fleire sakspapir enn gjennomsnittet, men gjennomsnittsnordmannen tek ikkje nødvendigvis lærdom av det ein les heller.

Eg innrømmer gladeleg at eg personleg røysta ja til samanslåing av Vanylven, Selje og Vågsøy i folkerøystinga i 2016.

Når ein først måtte slå seg saman med nokon tenkte eg at å byggje ein konstellasjon i ein eksisterande bu-og arbeidsmarknad var å føretrekkje framfor at Vågsøy skulle vende nasen sørover.

Etter vedtaket om Kinn-samanslåinga sat eg i månadsvis og venta på at ja-generalane skulle trekkje kaninen opp av hatten slik at eg endeleg skulle forstå kvifor det var så gunstig med akkurat denne samanslåinga.

Somme politikarar nærast lova at når eg fekk vite meir, ville eg forstå.

Men kaninen blei aldri trekt opp av hatten og eg sat slukøyra tilbake.

Eg trur mange vågsøyværingar har kjent og kjenner det sameleis.

Kinn-samanslåinga er for meg eit slåande døme på korleis lokalpolitikarar ikkje bør handle.

Mange av oss som står på vallista til Kinn Senterparti, meg sjølv inkludert, står der fordi kommunesamanslåinga har blitt ein politisk vekkjar.

Som folkevald må ein stundom ta upopulære avgjerder, det forstår dei fleste.

Men når folkevalde går så på tvers av ei folkemeining, uttrykt på ulike måtar og over tid, mister nok mange tilliten til dei som tar slike avgjerder.

Hets mot politikarar er totalt uakseptabelt, det er derimot gjennom vala veljarane skal kunne få kome med sin dom.

Mange vågsøyværingar har siste året uttrykt at dei ikkje lenger ønskjer å nytte røysteretten si i protest mot dei folkevalde.

Men det er nettopp i å faktisk nytte røysteretten at denne misnøyen burde kome til syne.

Politiske avgjersler bør tuftast på sunt vet, enklare kan det vel knapt seiast.

Det er vel og bra å ha draumar, mål og visjonar, det er noko politikarar også må ha.

Men når fleirtalet av veljarane tydelegvis har andre draumar, mål og visjonar enn politikarane sjølve burde dei folkevalde vise seg tilliten verdig.

Makta dei sit på har dei berre til låns, ikkje til odel og eige.

Så kvifor har eg vald å stå på liste til årets kommuneval?

Eg har frå 7. plass på vallista til Kinn Senterparti svært beskjedne sjansar til å kome inn i kommunestyret og lever veldig godt med det.

Men eg trur det er avgjerande for lokaldemokratiet at heilt ordinære, såkalla vanlege folk engasjerer seg, lèt seg setje på ei valliste ein trur på og tør stå opp for meiningane og verdiane sine.

Og det er her du óg kjem inn.

Overlèt du til naboen å bestemme leggjetida di, kva du har i kjøleskapet, kor du skal på ferie og kva du ser på TV fredagskvelden?

Ikkje?

Så kvifor nyttar du deg ikkje av retten din til å uttrykkje korleis du vil samfunnet rundt deg skal utvikle seg dei neste fire åra og kven som skal ivareta deg og dine?

Bruk røysteretten din ved å førehandsrøyste på kommunehuset allereie no eller møt opp på ditt lokale vallokale sjølve valdagen 9.september.

Stå opp for lokaldemokratiet og stå opp for deg sjølv!

Godt val!