Lesarinnlegg:

«Innspel til notat frå møte om båtruter»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Anne Kristin Førde, leiar og ordførarkandidat Bremanger AP, og Espen Sortevik, gruppeleiar og 3. kandidat Bremanger AP:

Innspel til notat frå møte om båtruter

Bremanger AP vart i går  gjort kjende med notat frå dialog- og informasjonsmøtet der ordførar i Flora kommune  hadde invitert politikarar i Nye Stad, Nye Kinn og Bremanger kommune vedkommande føreståande anbod på hurtigbåtar som Sogn og Fjordane Fylkeskommune utarbeidar i desse dagar.

For Bremanger er det viktig å oppretthalde dagens tilbod på rute 23531 Bergen – Nordfjord – Bergen.


– Båtbytte er ikke ønskelig, men kan være nødvendig

Etter et dialog- og informasjonsmøte om båtruter er representanter fra nye Kinn, nye Stad og Bremanger kommune enige om at det vil være nyttig å gi et felles høringssvar i oktober.

 

At reisande - pendlarar og skuleelevar frå bygdene våre skal måtte reise med ein mindre båt over Frøysjøen i all slags vêr vil Bremanger Ap seie er å gå baklengs inn i framtida. Ja, eit stort tilbakesteg. Det vil heller ikkje styrke oss i å gjere oss meir attraktive med tanke på å rekruttere nye innbyggjarar til kommunen vår.

For reisande til og frå Bergen er det heller ikkje ønskeleg med eit båtbyte. Dette er med på å auke reisetida. For enkelte kan reisa bli meir utfordrande når ein blir nøydd til forflytte seg frå den eine båten til den andre.


Reagerer på uttalelser om et eventuelt båtbytte

Jan Vidar Smenes og Gunn Sande i nye Stad kommune reagerer på formuleringene som har kommet fram i et notat etter at berørte kommuner hadde et dialog- og informasjonsmøte om framtidige båtruter.

 

Bremanger Ap har stor tru på at også denne type båtar om kort tid også vil vere meir miljøvennlege og rusta for det grøne skiftet. Så Bremanger AP ønsker båtstørrelse / kapasitet som i dag på heile ruta, inntil rekkevidda er tilstrekkeleg for strekninga Bergen – Selje med hydrogen / elektrisitet som energiberar. Inntil då lyt båten som i dag.

Utprøving av hydrogen og elektrisitet må gå føre seg på andre kortare ruter som for eksempel Florø – Måløy og lokalrutene i Florabassenget.