Lesarinnlegg:

«Oppkonstruert debatt? Vi kallar det ein viktig debatt»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Irene Hoel, 4. kandidat for Stad Frp, og er eit svar til  Judith Kvåle:

Oppkonstruert debatt? Vi kallar det ein viktig debatt

Det er med undring og fascinasjon eg les ditt lesarinnlegg, Judith Kvåle, i Fjordenes Tidende 12.08.19 og Fjordabladet 14.08.19.

Har du lese eige partiprogram? Judith Kvåle, du er 3. listekandidat for Stad Ap. Dykk står som einaste parti som ikkje har programfesta å behalde dagens skulestruktur. Ordførarkandidaten dykkar har uttalt at dykk ikkje har planar om å leggje ned nokon skule i dag, men at det kan kome ei tid der ein må vurdere annleis. Ok, det er greitt å vite kor partiet stiller seg.


 

Vi i Stad Frp har programfesta at vi skal jobbe for å utbetre fleire fylkesvegar. Det som fascinerer meg mest, er at Ap også har dette i sitt program. Det er ikkje forunderleg at Stad Ap har ein plan på kva fylkesvegar dei vil jobbe for, det som er forunderleg er at Judith Kvåle meiner vi ikkje skal snakke om fylkesvegar i valkampen.

Vi, i Stad Frp, inviterte og fekk besøk av Bård Hoksrud frå finanskomiteen og Terje Søviknes 1.kandidat Vestland fylke. Vi har også, i samarbeid med Vanylven Frp, hatt besøk av samferdselsminister Jon Georg Dale. For oss i Frp ser vi det som ein gyllen moglegheit til å få sett fokus på dei dårlege fylkesvegane i vår kommune. Mynda ligg jo som kjent på fylkesnivå og oppover. Dei måtte faktisk køyre på dei dårlege vegane våre. Vi meiner fokus og bevisstgjering på korleis dei faktiske tilhøva er, er viktig å få fram til dei partane som tek endelege avgjerder.

Dersom ikkje lokale politikarar evnar å einast om kva vegar vi må prioritere fyrst, er eg redd alle våre fylkesvegar ramlar nedover på fylkets prioriteringsliste.

Judith Kvåle, du representerer i dag Tverrpolitisk liste i formannsskapet i Selje. Det er fire år sidan du gjekk til val med program om å leggje ned ein av ungdomsskulane i Selje. Heldigvis fekk ikkje du og Tverrpolitisk liste det som dyk ville. 

Skule er viktig for dei aller fleste. Gjennom alle folkemøta Selje og Eid gjennomførte i fjor, kunne vi sjå at nær alle bygdene sette skule og barnehage som det aller viktigaste dei hadde i si bygd. Det heile blei fint illustrert i ein såkalla ordsky.

Ap må gjerne kalle det ein konstruert debatt. Vi vel å seie at det er viktig for oss. Stad Frp vil jobbe for gode løysingar i heile Stad kommune, utan å behøve å leggje ned. Så får veljarane sjølv velje kven dei vil stole på.

VG sin valgomat var omfattande, og tidvis dårleg formulert. Eg har i alle fall svart etter beste evne, og ser ikkje noko gale i at våre veljarar kan bli betre kjend med alle oss som stiller til val for Stad. Vi blir tross alt ein ny og større kommune. Med både nye og kjente fjes på vallistene. Eg ønsker alle eit godt vag, hugs å bruk røysteretten din!