Lesarinnlegg:

«Svar til Kjell Gunnar Tennebø»

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik, ordførarkandidat for Kinn Sp, og er eit svar på Kjell Gunnar Tennebø sitt innlegg En tvilers tanker og valgets kvaler. 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik, ordførarkandidat for KInn Sp, og er eit svar på Kjell Gunnar Tennebø sitt innlegg En tvilers tanker og valgets kvaler.

Svar til Kjell Gunnar Tennebø

Eg vil begynne med å takke deg. Det har eg tenkt i vel eit år at eg skulle gjere, og no kom ei god anledning til å gjere det offentleg.

Takk for at du 14.06.18 sto på talarstolen i Vågsøy kommunestyre og sa at du er for Kinn kommune, men at du kom til å stemme for reversering fordi det var det fleirtalet i Vågsøy ønskte. Og at du gjorde ord til handling. Du gjorde ein meget god figur, og virkelig viste at du har forstått di rolle som politiker. All respekt og ære til deg. Kunne gjerne sett deg ein periode til i kommunestyret.

Så til ditt innlegg i Fjordenes Tidende 13.08.19. Eg er samd med deg i at vi må forholde oss til realitetetane. 2020 blir vi Kinn. Vi kan like det eller mislike det, men vi må likevel prøve å gjere det beste ut av det.

Sjølv om Kinn Senterparti er i mot denne kommunesamanslåinga, skal vi likevel tene Kinn sine innbyggarar på best mogleg måte. Det trur eg dei fleste parti har eit ønske om enten dei er for eller i mot Kinn. Valget handlar om korleis gjere kommunane best for det store fleirtal. Korleis få vekst og utvikling, gode tenester og mykje, mykje meir. Men for eller i mot Kinn er ikkje ei avsporing av debatten og valet. Dette fordi nokre ser Kinn som løysinga for å oppnå dette, mens andre ser faren for dårlegare tenester. Derfor er det naturleg å snakke om dette i denne valkampen. Ikkje minst er det viktig fordi dette er noko folk er opptatt av, og mange av veljarane våre etterspør det. Då må vi sette det på agendaen.

Idear og visjonar er flott, og dei treng vi. Men vi treng òg dei som er litt meir realistiske, uten at dei dermed blir stempla som negative til alt og alle. For intensjonen med Kinn er fin og flott den, men er det realistisk? Ein planlegg investeringar for fleire millionar, gjelda aukar og fylkesmannen har vore inn og åtvara mot lånegjelda. Vi høyrer at Kinn til saman må spare 92 millionar, og alle dei millionane som prosjektrådmann Heggheim snakka så høgt om for eit par år sidan synest å ha smuldra vekk. Korleis få til ein stor, sterk kystkommune utan å ha økonomi til det? For når alt kjem til alt så bunnar det i økonomi. Vi har dei pengane vi har, og dei må fordelast. Er det realistisk å tru at ein skal bygge både fotballhall, svømmeanlegg, nytt dyrt rådhus og brannstasjon utan at dette skal føre til kutt i tenestetilbodet? Nei, meiner Senterpartiet.

Og dette er å vere realistisk. Ikkje negative. Kinn Senterparti trur ut frå det vi ser no at Vågsøy og Flora vil få betre økonomi og betre tenester kvar for seg. Og det er dette det i bunn og grunn handlar om. Vi skal sjølvsagt gjere ei grundig utredning i vårt arbeid mot reversering. Der ein skal kartlegge både pluss og minus med begge alternativa, og vege desse opp mot kvarandre. Berre slik kan ein fatte eit godt vedtak. Dette mangla då det vart fatta vedtak om Kinn.

Kinn Senterparti vil ikkje gjere same feilen ved eit vedtak om reversering. Det skal folk i Kinn være trygge på.