Lesarinnlegg:

«Trur Ap ein blir betre sjølv av å snakke naboen ned?»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og Venstre sin ordførarkandidat i Stad, og er eit svar til Laila Schult:

Trur Ap ein blir betre sjølv av å snakke naboen ned?

Ap-politikar Laila Schult skriv følgjande i Fjordens Tidende 14/8: «Etter mitt syn har kulturen/næringskulturen i Stad kontra Kinn få felles trekk. Mens Stad fokuserer på offentlige arbeidsplasser og handel, så satser Kinn på å høste av havet og himmelen.»

Det er noko av det merkelegaste eg har lest på lenge. Ein kan lure på om Ap-politikaren frå Vågsøy har vore utanfor eigne kommunegrenser i Nordfjord dei siste åra.


 

Bedriftene i nye Stad kommune omset for over 4 milliardar kroner kvart år, og er leiande i ei rekke bransjar. På Stadlandet ligg verdas største linebåtreiarlag, Ervik Havfiske. Vi har to båtprodusentar og fleire viktige leverandørbedrifter til den maritime industrien som Stadpipe, Fiskevegn, West Mekan og andre. Vi har ei stor fiskeri- og oppdrettsnæring, ei stor og leiande bedriftsklynge innanfor elektro og automasjon, ei reiselivsnæring i rask vekst og er ein av dei største landbrukskommunane i Sogn og Fjordane.

Å legge til rette for vekst i eit allereie sterkt og vitalt næringsliv, har vore sentralt i arbeidet med nye Stad kommune frå dag 1. Vi har i samarbeid med det nye næringsselskapet Stad Vekst kartlagt og besøkt mange bedrifter i nye Stad kommune. Vi er allereie komne langt i arbeidet med ein strategisk næringsplan, vi har laga ein eigen reiselivsstrategi som no blir følgd opp i samarbeid med næringsaktørane i kommunen og vi har under arbeid ein felles kystsoneplan for å legge til rette for utvikling av dei marine næringane – berre for å nemne noko.

Vi har også mål om å rigge heile den nye kommunen som ei næringsvenleg kommune, og tenkje heilt nytt i korleis vi organiserer kommunen ut frå dette. Saman med Stad Vekst og næringslivet har vi fått rigga ei eiga fagskuleutdanning i elektro og automasjon som startar opp no i august 2019. På Nordfjordeid har vi vore med på felles løft som Sagastad og ny cruisekai for å legge til rette for den sterke veksten i reiselivsnæringa i åra som kjem, og satsar på utvikling av mellom anna Vestkapp og Selja Kloster som nye reiselivsikon for kommunen.

Så har Laila Schult rett på eitt punkt: Eid kommune har dei siste åra fokusert på å legge til rette for handelsnæringa – mellom anna gjennom å legge til rette nye næringsareal og sikre rask og effektiv handsaming av bygge- og arealsaker for handelsnæringa. Det har vore ein særs vellukka strategi. Handelsnæringa er etter mitt syn ei viktig og god næring, som skaper mange arbeidsplassar også for kvinner og ungdom.

Ei kartlegging Stad Vekst har gjort, syner enorm optimisme og vekstvilje i næringslivet i nye Stad kommune. Bedriftene ventar ein omsetningsvekst på heile 1 millard kroner og ein tilvekst på over 150 nye arbeidsplassar berre dei neste tre åra.

Skal ein lukkast med vekst og utvikling, må ein bygge strategiane på fakta, ikkje på tilfeldig synsing om naboen. Eg trur – for å seie det diplomatisk – at det er lurt at Kinn-entusiast Schult fokuserer på kva som er bra med Kinn, ikkje lagar rare teoriar om kor mykje betre folk i Kinn er enn dei litt trauste naboane.

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at denne måten å omtale og sjå på naboane på frå Vågsøy si side, kan ha vore noko av årsaka til at Selje har valt å seie nei til Kinn, og utvikle eit nytt fellesskap i nye Stad kommune. Der har vi ikkje trong for å fortelje kor mykje betre vi er enn naboen, men er meir opptekne av kva vi saman kan gjere for å løfte eit potent og sterkt næringsliv – i heile Nordfjord.