«Vågsøy kommunestyre, snart Kinn kommunestyre»

Dette lesarinnlegget er skrive av John Inge Refvik, leiar i Kinn Krf. 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av John Inge Refvik, leiar i Kinn Krf.

Det går mot nytt kommunestyrevalg og ved dette valget skal eit heilt nytt kommunestyre velgast i ei heilt ny kommune...Kinn.

Det skal bli spennande å sjå korleis dei forskjellige parti blir representerte i den nye kommuna.

Eg har valgt å ikkje stå på liste til dette valget og har fått forståelse og blitt respektert for mitt valg.

Eg har vore med i 8 år og det har vore interessant og lærerikt.

På ein måte har eg fått ei «ny familie».

Eg var ikkje noko politisk aktiv før eg plutselig sat i eit kommunestyre..heldigvis for meg var vi to den første perioda.

No er det valg igjen og nye representanter skal velgast og kanskje nokon for fyrste gong blir valgt inn i eit kommunestyre.

Respekt for kvarandre og ikkje minst å respektere delte meiningar er viktig å ta med seg.

Hovedfokus i den nye kommuna må bli å beholde og levere gode tjenester på alle plan..dette blir også den store utfordringa i den nye kommuna.

Det nye kommunestyret vil komme til å få store utfordringar i arbeid med økonomi i forhold til overnevnte .

Vågsøy kommune har vore gode på kvalitet på tenester og eg håper det vil fortsette slik i Kinn kommune.

Så vil eg og oppfordre alle til å ta turen til stemmelokalene og bruke stemmeretten sin.

Kinn KrF har eit godt program og gode kandidatar som er klare til å ta ansvar i det nye kommunestyret og eg håpar at mange vil stemmme på KrF i årets val.

Med dette vil eg ønskje alle eit godt valg.