«Det einaste hallprosjektet Kinn Sp er villige til å prioritere er gymhall til Florø barneskule»

Dette lesarinnlegget er skrive av Jan Arve Midtbø, 2.kandidat, og Torgunn Elisabeth Eikevik, 4.kandidat, i Kinn Senterparti. Pressefoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jan Arve Midtbø, 2.kandidat, og Torgunn Elisabeth Eikevik, 4.kandidat, i Kinn Senterparti.

Det einaste hallprosjektet Kinn Sp er villige til å prioritere, er gymhall til Flora barneskule

Kinn Senterparti vil redusere eigedomskatten. Dette er ein usolidarisk skatt, som gjer den økonomiske situasjonen til nokre grupper innbyggarar vanskligare. Nyetablerte ungdommar, trygda borgarar og minstepensjonistar kan ha vanskar med den økonomiske situasjonen som oppstår med dagens eigedomskatt. Dersom ein aukar eigedomskatten frå 3 til 5 promille, er dette ei auke på 30 millionar i året. Lågare eigedomskatt kan enkelt føre til større innflytting og nybygging i Kinn kommune. For Kinn Senterparti er det derfor uaktuelt å krevje inn meir skatt frå innbyggarane i Kinn kommune.

Det einaste hallprosjektet som Kinn Senterparti er villig til å prioritere i dei kommande fire åra, er Florø barneskule sin gymhall. Som politikarar ser vi oss pliktige, fyrst og fremst å få gjennomført lovpålagde prosjekt. For Senterpartiet vil det vere politisk korrekt å prioritere gymhall foran fotballhall. Kinn Senterparti er redd for at dersom ein no bygger fotballhall , vil ein ikkje ha råd til å byggje gymhall ved barneskulen. Skulen har i dag ein gymsal som er liten, og som legg store avgrensingar for utfoldelse hos elevane i faget kroppsøving.

Florø barneskule har i dag 513 elevar fordelt på 22 klassar. Skulen er ein av Norges største barneskular. I storskulen er kravet at klassane skal ha 2 timer kroppsøving i veka. Gymsalen er så liten at den ikkje kan delast i to. Dermed kan ikkje to klasser ha gym samtidig i salen. Då seier det seg sjølv at mange klassar må ha mykje utegym, dette uansett vêr. Ofte er det dei yngste elevane dette går utover, sidan krava og måla er lågast på dei lågaste trinna. Det vert stadig sett høgare krav til mål og utfalding i faget kroppsøving. Dei eldste klassane må flytte seg til idrettssenteret for å ha kroppsøving, som oppfyller krav frå fagplanen. Denne forflyttinga tar tid frå elevane si undervisningstid. Dei tilsette ved skulen gjer sitt beste for å oppfylle krava, men med slike avgrensingar som noverande gymsal har, så kan det vere krevjande å nå måla.  Gymsalen i dag kan føre til at elevane ikkje får den mengda timer kroppsøving som dei har rett på.  Frå og med oktober vert også svømmehallen stengt. Då vert det endå fleire elevar som har rett på fleire timar kroppsøving i veka.

Når klassane har gym i salen, kan dette opplevast som kaotisk og lite effektivt. Dette som ein konsekvens av plassmangel. Intensiteten vert låg og dette fører til dårlegare trivsel i faget. Kinn Senterparti ser det som bekymringsverdig at saken om ny gymhall til Florø barneskule vert nedprioritert og utsett. Vi ser at det er sein framdrift i planane, og er redd for at gymhallen ikkje vil komme opp på fleire år. Denne saka hastar og kan ikkje skyvast framover etterkvart som politikarar ynskjer andre, større og etter Senterpartiet sitt syn, mindre viktige prosjekt.

Kinn Senterparti vil heller ikkje vere med på å legge ned skular for å finansiere fotballhall. Barna er framtida vår, og det viktigaste vi har. Kinn Senterparti meiner at det minste vi som politikarar kan gjere, er å ta vare på barna og skulekvardagen deira. Det vert sett stadig høgare krav til meir fysisk aktivitet. Vi i Kinn Senterpartiet meiner at dei 513 barna og tilsette ved Florø barneskule, fortjenar eit betre tilbod i ny gymhall, i staden for dei utilfredse forhalda som eksisterar i dagens gymsal.