Lesarinnlegg:

«Eit lite pip»

Aage Kvendset har skrive dette lesarinnlegget og diktet.  Foto: Arkivfoto

Meninger

Dette lesarinnlegget og diktet er skrive av fjellvandrar Aage Kvendseth:

Eit lite pip

Dei store inngrepa som er planlagde i både Bremanger og Stad for å utplassere gigantiske vindturbinar i særeigen natur, tek nesten pusten frå store og små. Då eg var med på å prøve å hindre vindturbininngrepet nær der familien har hatt hytte på Nordmøre i syttifem år, skreiv eg dette «diktet» som eit innlegg frå dei og det eg såg rundt meg. Motstanden var stor og tilhengjarane av utbygginga var mange.

Rognskog vart skrinlagd som det heiter mellom anna på grunn av for ustabile vindtilhøve, og ikkje fordi inngrepa urøyrt natur ville verte enorme. Eg tillèt meg no å sende dette som eit lite innlegg i debatten her, sjølv om desse turbinprosjekta er tenkt å sprengje seg inn i nokså ulike naturtypar og landskap enn dei på Nordmøre. Men her og kan dei forsvinne med sine særpreg for all tid.

Eit lite pip –
Mot rasering av «rognskog»

Ravn, rype og raudstilk
hauk, heilo og hoggorm,
smålom, orrfugl og rugde,
firfirsle, frosk og fisk,
mariehand, multer og mose,
blåvinge, bekk og berg,
myrull, maur og mygg,
hare, rev og hjort,
mår, røyskatt og snømus,
lemen, lirype og ørn,
ringtrast, raudvinge og snøspurv
tyttebær, blåbær og multer,
fjellbjørk, rogn og furu
vidder, blånar og myrer,
i snøføyke, solskinn og regn,
og i fritt utsyn mot tinder og fjorder,
mot Hennadal og Halsafjord,
mot surnafjell og Tustna-toppar,
mot gamle setrer, urørt skog og aurevak,
mot himmelrand og heimeland,
mot elgetråkk og storfuglreir med egg,
mot gamle furutre med skjegg,
mot skituppar i solrik påskesnø,
mot dyrespor og urørt jord,
mot fiskedupp i blanke Snøli-sjø,
mot ein vindmøllefri Vinjefjord
mot stig og far i frie fjell og bratte li
- Vi pip det vi kan!
- Det overgår vår forstand!
Veldige vindmøller er ønska her i fjella,
og ikkje heller langt av land!
Nei til inngrepa, støyen og sprengesmella,
vern om freden i naturen her i Hennafjella!
Vi må ikkje gå i framskrittsfella!
Spar oss som er små i naturen,
sei nei til vindturbin-infrastrukturen!

Eit siste lite pip:
Menneske: Plasser vindmøllene vest av Grip!