Lesarinnlegg:

«Trudde du vi tulla, Ola Teigen?»

Geir Oldeide 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt Kinn:

Trudde du vi tulla, Ola Teigen?

Ola Teigen (og fleire) likar ikkje at sjølve Kinn-spørsmålet er ei sak i valkampen. Det forstår vi for så vidt godt. Men kva hadde du venta deg, Teigen? Det var svært mange som varsla om dette då folk vart overkøyrt etter folkerøystinga i Vågsøy. «Dette vil få konsekvensar når vi kjem til neste kommuneval» og «Vi bed folk merke seg kva parti og politikarar som ville høyre på folket og kven som ikkje ville gjere det». Dette var utsegn som var hyppig brukt den gongen. Trudde du at dette var tomme ord og at folk ville gløyme så lett? Det var det ikkje. Valet den 9. september er den sjansen folk har til å gje eit svar på det som har skjedd. Den retten vil folk nytte seg av. Uansett kva Teigen måtte meine. Så er det jo sjølvsagt slik at dette ikkje er det einaste som er viktig. Det er det heller ingen som har hevda.