Lesarinnlegg:

«Vi trur på ei lys framtid for Bremanger»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth B, Hatlenes, ordførerkandidat Bremanger Høgre:

Vi trur på ei lys framtid for Bremanger

Når «kvinne (32)» kjem til kommunen vår med ein førespurnad om oppstart av ei bedrift, må vi legge oss i selen for å få ei effektiv og rask avklaring. Slik at «kvinne (32)» ikkje ombestemmer seg eller startar opp bedrift i ei anna kommune fordi dei er meir «på» enn oss.

Unge menneske i den alderen er dei som byggjer hus og får barn. Slike kvinner - og menn- trenger vi for å utvikle Bremanger. Gründerar sørger for arbeidsstadar og lokal verdiskaping og gir kommunen eit grunnlag til levere kommunale tenester. Derfor legg vi i vårt valprogram vekt på å styrke planarbeid knytt til bu og næringsareal. Der er i Bremanger ein skal realisere grunderdraumen og kan leve det gode liv. Det vil eg arbeide for kvar einaste dag. Høgre ønsker å vere ved roret når vi no går inn i ei ny tid.

Vi kan alle innrømme at Terra-spøkelset har hengt over oss- med ei evig jakt etter å slanke drifta og kostnadane. No er det berre sjarmøretappen igjen, vi kan puste letta ut, klappe oss på skuldra og sei «Hurra!» Til tross for Terra har vi gitt elevane ein god skule og innbyggjarane gode helsetenester.

Dei fire siste åra har kommunen dekka inn 90 millionar i Terra-gjeld og på same tid gjort små og store investeringar for om lag 330 millionar. Lånegjelda har på same tid auka med 15 millionar. Dette viser ei ansvarleg økonomisk styring.

I den neste perioden vil vi i høgre legge fokus på den negative befolkningsutviklinga. Vi må gjere spesifikke tiltak og vere synlege for at ein skal sørge for at folk vil bu og arbeide i det som er den beste kommunen i heile Noreg.

  • Annonsere ledige tomter på finn og eiga heimeside
  • Næringsareal
  • Legge til rette for attraktive tomter i alle bygder
  • Rask behandling av byggjesøknadar
  • Gå saman med næringsliv for å skape fleire kontorlandskap som «Iglandsvik»
  • Legge til rette for utbygging av leilegheiter og gjennomgangsbustadar