Lesarinnlegg:

«Ja til vindkraft på Bremangerlandet»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Einar Svarstad, Kåre Olav Svarstad, Ivar Varpe, Leif Varpe, Jan Martin Kjærstad, Roger Klungreset, Inge-Kristian Husevåg og Wilfred Svoren. Innlegget er sendt som eit skriv til politikarane i Bremanger:

Ja til vindkraft på Bremangerlandet

Som grunneigarar til Bremangerlandet vindkraftverk er vi opprørt over den einsidige, tendensiøse og usanne argumentasjonen som vert sett fram av fleire av vindkraftmotstandarane. Vi vil med dette komme med opplysingar basert på fakta og ikkje synsing og spekulasjonar. 

Våre gode intensjonar om å bruke naturressursane på eigedomane for å sikre livsgrunnlaget i bygda og skatteinntektene til kommunen vert ikkje verdsett. Det store fleirtal av grunneigarane står samla bak eit ønskje om å leige ut grunn for utbygging av vindkraft. 

I perioden fram til sommaren 2011 vart det ført forhandlingar om ei leigeavtale der grunneigarane var representert ved eit forhandlingsutval og eigen advokat (advokatfirmaet Harris) påkosta av Bremangerlandet Vindpark.  Utover hausten 2011 skreiv eit fleirtal av grunneigarane under på leigeavtala med Bremangerlandet Vindpark AS.

• På gnr 17 Svarstad signerte 12 av 13 bruk med til saman 98,7% av skylda.

• På gnr 18 Varpe signerte 11 av  16 bruk med til saman 84,3% av skylda. To av dei bruka som signerte har etter dette hatt dødsfall eller heimelsovergang.

• På gnr 19 Klungreset signerte 4 av 5 bruk med til saman 83,3% av skylda. Etter kvart har alle bruk med 100% av skylda signert leigeavtale.

• På gnr 57 Oldeide signerte 2 av 3 bruk med til saman 66,6% av skylda. Etter kvart har alle bruk med 100% av skylda signert leigeavtale.

• På gnr 58 Svoren signerte 3 av 4 bruk med til saman 62,5% av skylda. Etter kvart har alle bruk med 100% av skylda signert leigeavtale.

Motstandarsida hevdar at mange av grunneigarane har snudd i saka, men tala ovanfor syner at dette ikkje stemmer.

OED ga endeleg konsesjon til prosjektet i 2017, etter samråd med Fylkesmannen og Miljøverndepartementet. Denne avgjerda er ikkje mogeleg å påklage. I påfølgjande detaljplanlegging viste det seg at vindklimaet i området og radiolinjetraseane gjorde det umogeleg å behalde eksempel layouten frå konsesjonssøknaden, og utbyggar ville difor justere til ein meir optimal plassering av turbinar, vegar og ilandføringsstad for turbinane. Dette, samt omsyn til tinglysing og finansiering, la grunnlaget for nye forhandlingar mellom Bremangerlandet Vindpark og grunneigarane. Grunneigarane har heile tida hatt bistand frå advokat, og desse forhandlingane pågår enno. Vi har eit felles mål å få i stand ei minneleg avtale og unngå at skjønsretten skal avgjere saka.  For at utbyggar skal kunne utvikle eit forsvarleg prosjekt er grunneigarane imøtekommande så lenge endringane ikkje fører til auka ulemper lokalt. Dette er vi i ferd med å lukkast med; turbinane er trekt tilbake frå Dalen, det vert det mindre visuell påverknad, støy vert redusert, det blir mindre vegar, færre fundament og oppstillingsplassar. 

Større og meir effektive vindturbinar gjer at energiutbyttet per kvadratmeter har auka med 40 % samanlikna med den konsesjonsgjevne layouten. Dette i samanheng med vindanalyser har ført til at antal turbinar er redusert frå 26 til 18.  Denne endringa fører også til at det totale naturinngrepet vert redusert med 45 000 m². Berre 2 % av det totale planområdet vert bebygd.

Utbyggingsområdet ligg hovudsakleg på austsida av steinfjellsendaren og vil ikkje berøre turstien til Vetvika. Enkelte hevdar at det berre er 500 meter frå bustadhus til nærmaste vindturbin, dette stemmer ikkje. I følge gjeldande utkast til layout er denne avstanden over 1km. Dei visualiseringane

som blir presentert av motstandarar gir også eit feil bilete, då den 148 meter høge steinfjellsmasta som turbinane blir samanlikna med står på ei platå som er 100 meter høgare enn omkringliggande område der det er planlagt turbinar.  

Fugletrekk er grundig dokumentert ved fugleradar og feltundersøkingar, og ingen turbinar vert plassert der trekk går. Alle private brønnar vert kartlagt, prøver vert tekne før, under og etter byggeperioden. I tillegg vert vassdraga i området overvaka, og dette vert utført av ein av grunneigarane under fagleg leiing av konsulentselskapet Rambøll.

Det er ikkje noko alternativ bruk av våre eigedomar som gjev i nærleiken så stor avkastning for grunneigarane. Grunneigarinntektene er ikkje ubetydelege og dette vil skape skatteinntekter til kommunen og er med på å sikre busetnaden i bygda. Det vil også skape arbeidsplassar knytt til anlegget. 

I avtale med Bremanger kommune er det avtalt kompensasjon på 32,5 millionar kroner for bortfall av forventa infrastruktur. Grunneigarane håper at politikarane nyttar desse midlane til det beste for fellesskapet.  

Grunneigarane har hatt høve til innspel til planarbeidet, mellom anna knytt til visualitet, støy, iskast, ras og naturfare.  Dette har utbyggar teke på alvor. Dei har utført analyser og med det som bakgrunn bearbeida sine planar. Per dags dato er ikkje arbeidet med detaljplanen avslutta, men vi har tillit til at utbyggar vil legge seg i selen for å skape eit godt prosjekt både forretningsmessig og med omsyn til natur- og samfunnsverdiar. Detaljplanane skal godkjennast av NVE, kommune og grunneigarar er sentrale høyringspartar i denne prosessen som vil føregå utover hausten. 

Likelydande brev er sendt til alle politiske parti i Bremanger kommune.