Lesarinnlegg:

«Vindkraft Okla - bøn om omgjering av vedtak»

Meninger

Bård Fløde, Dagfred Berstad og Torkjell Djupedal har skrive dette innlegget, som også er sendt til statsrådane i Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Bøn om omgjering av vedtak

NVE har gjeve konsesjon til vindkraftanlegget på Okla ute på Stadhalvøya i Selje kommune. Prosjektet er ikkje stort når det gjeld produksjon, men utgjer likevel store inngrep i eit elles heilskapleg naturområde. Fem store vindturbinar vil bli svært synlege over lange avstander, både til sjøs og til lands.

Søknaden om vindkraftanlegg på Okla kom rett etter at Statkraft sitt vindkraftutbyggingsprosjekt på Hoddevikfjellet fekk avslag, med varig verknad, grunna særeigne naturforhold. Det er liten avstand mellom desse områda, og det er ikkje mykje skilnad på andre måtar heller, og det er vanskeleg å forstå korleis NVE kan finne grunn til å innfri denne søknaden som gjeld andre sida av Morkadalen.

Søknad om utbygging på Okla vart utarbeidd og fremja av SFE Produksjon (Sogn og Fjordane Energiverk) i 2004. Selje kommune var den gongen positive til utbygging, med utsikt nye arbeidsplassar og til betring for ein pressa kommuneøkonomi. Men tidene skifter, og nye tilhøve, nye personar i styre og stell, og ikkje minst ein ny generasjon innbyggjarar som har heilt andre interesser når det gjeld bruk av fjella og strendene her på Stad. Prosjektet har dessutan skift eigarskap, og folk føler mindre samhøyr med dei nye eigarane. Det er i det heile vanskeleg å sjå noko samfunnsgagn anna enn eventuell profitt for utbyggjaren.

Slik saka står i dag, kjenner ein berre sorg og avmakt, både innbyggjarane og dei styrande i Selje kommune. Saka synest å ha gått i lås, formelt sett, før ein forstod alvoret i situasjonen.

Men enno er det ikkje gjort fysiske inngrep, så ein vil enno ha tru på at det kan løyse seg skadefritt. Difor denne direkte appellen til våre høgste organ og øvste leiarar innan naturforvaltning og energiforvaltning.

Vi vil med dette krevje ei ny vurdering av heile prosjektet, der tilhøvet mellom samfunnsnytte og naturskade må takast opp i si fulle breidde. Dette betyr at konsesjonen til å byggje ut Okla på Stad i mellomtida må trekkjast tilbake.

Selje kommune vil frå 2020, saman med Eid kommune bli nye Stad kommune. Den nye skipinga vil bli vertskap for eit eventuelt vindkraftanlegg. Dei har aldri fått høve til å ta stilling til dette.

Nyare kart syner at Okla ligg inne i eit område som har fått høgste prioritet som kystnatur av høg nasjonal verdi. Det omsøkte vindkraftverket ligg inne i dette området. Dette kartet er henta frå Norconsult, landskapsvurderingar, april 2019:


Det nye framlegget til nasjonal plan for område eigna for vindkraftutbygging syner at heile Stadhalvøya ligg utanfor desse. Grunngjevinga er at Stad er eit så særmerkt område og at vindkraft her vil vere for konfliktfylt. Dette burde åleine vere grunn til at denne konsesjonssøknaden vart avvist. At utbygginga av Okla skal kunne starte, berre avdi konsesjonen er frå ei tilbakelagt tid, verkar absurd. Okla vindindustri vil i fall det blir realisert, bli eit utidig feilgrep.

Sjølv om det først og fremst er ved å spolere det heilskapelege kystlandskapet at vindkraftutbygging er uønskjeleg, så er det også mange andre faktorar som seier det same. Det som særpregar fjellandskapet på Stad er dei enno tydelege platårestar av urgammalt sletteland. Terrengdekkande myr med innslag av svært sjeldne plantar og plantesamfunn ligg utover dei ytste utkantane av europeisk fastland. Granskingar av grunnen tyder på at her er nunatakområde, det vil seie landområde og toppar som har stått opp or isen gjennom siste istid. Såleis er både berggrunn, jordsmonn og planteliv av største interesse når det gjeld artsmangfald. Av til no observerte raudlistearter kan nemnast 17 ulike soppar, 14 lavartar, 24 slag karplantar og 2 moseartar.  (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.) (For geologi sjå m.a. Eiliv Larsen og Oddvar Longva, om Stadlandet og Vågsøy, Universitetet i Bergen).

Vi ber om at konfliktvurderinga frå Riksantikvaren og Miljødirektoratet i 2013 vert teken på alvor:

"Samlet vurderer DN og RA det omsøkte vindkraftverket til å havne i kategori E. Den samlede vurderingen tilsier at tiltaket vil være i svært stor konflikt med nasjonale mål. Avbøtende tiltak vil etter DN og RAs vurdering ikke redusere konflikt. Den samlede vurderingen begrunnes med at Stadlandet er et kjent landemerke og av landskapsmessig nasjonal betydning. Det er store verdier knyttet til naturtyper i området, og det er hekkende og trekkende fugl i, og rundt planområdet. Det er også store kulturhistoriske verdier innenfor vindkraftverkets influenssone. Vindkraftverket forventes å komme i til dels svært stor konflikt med naturtyper, fugl, landskap og kulturminner."                                                       

Det påtenkte vindindustriområdet ligg tett inntil freda område i Tungevågen, Dekkjene og Høgfjellet. Det er tilhald, beite- og trekkområde for fugl i hopetal. På ytre deler av Stadhalvøya er det registrert 82 fuglearter, fleire av dei er raudlistearter, og enda er ikkje hubro rekna med i desse. (Norsk Ornitologisk forening). Det er ikkje lenge sidan hubroen var observert, og truleg finst han i området enno. 

NVE har, trass i dette, konkludert med at dei synest samfunnsnytten er større enn skaden. Det skal eit godt hovud til å forstå. Det blir hovudsakleg tufta på ein rapport dei har fått laga hos Norconsult, som enkelt sagt finn at røyndomen er annleis enn røynda, det har dei sett ved å gå ein tur i marka. Når NVE uttalar at der det er ulikskap mellom eldre og ny sanning, er det opplagt at dei legg størst vekt på den nyaste, fordi den er nyare enn den gamle. Ikkje fordi den er rett, men fordi den er nyare. Dette er trist, det er ulogisk, det er uvitskapleg. Om den nyare «gransking» er det å seie at den er svært overflatisk, og den er til tider falsk. Det er all grunn til å gå gjennom på ny.

Vi vil at Stad, kjend av sjøfarande gjennom alle tider, nemnd dagleg når det gjeld vêr og vind, skal bli ståande med sine kjende fjell i syningom, utan veiftande vinger. Vestkapp, reisemål for folk frå inn- og utland, eit velkjendt kapp på fastlands-Noreg, står symbolsk som knyteneven mot havet. Stad blir namn og symbol for ny kommune, og vi vi gjerne ha det slik det er.

Så vår innstendige bøn til dykk, vyrde statsrådar, er at de syter for at vindkraftprosjeket på Okla på Stad vert stoppa.

Vyrdsam helsing

Stadlandet 19.08.19

Signert Bård Fløde, Dagfred Berstad og Torkjell Djupedal.