Lesarinnlegg:

«Mobbeombod»

  Foto: Arkiv

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførarkandidat Anfinn Sjåstad i Stad Frp:

Mobbeombod

Stad Framstegsparti vil innføre mobbeombod i nye Stad kommune. Eit mobbeombod skal vere eit lågterskel tilbod til barnehage, skole og vidaregåande skule. Tanken er at mobbeombodet skal vere knytt til rådmann, slik at det blir ein distanse mellom administrasjon og ombodet.

Vi trur dei aller fleste har gledd seg til det nye skuleåret starta. Likevel var det heilt sikkert nokon som grua seg. Nokon som ikkje har det like greitt i kvardagen sin. Barn og unge blir mobba kvar dag utan at det nødvendigvis blir fanga opp. Vi har i dag fått nye arenaer for sosialt samvær gjennom sosiale media. Her er det ekstra vanskeleg for dei vaksne å følgje opp. Mobbing over tid kan sette djupe spor. Både den som blir mobba og nær familie kjenner at det har store konsekvensar. Nokon blir ståande utanfor arbeidslivet. Nokon vert ståande utanfor livet, medan nokon til slutt tek sitt eige liv.

Alle kjenner nokon som har vært utsett for noko som ikkje var greitt i ein eller annan grad. Læraren er som oftast ein god støttespiller i barnas liv. Det er spesielt vanskeleg når læraren er mobbaren. Foreldra opplever kanskje at det er vanskeleg å nå fram gjennom kontaktlærar og rektor. Ikkje misforstå, mange lærarar gjer ein fantastisk jobb, fleire skulle hatt medalje for sin innsats. Diverre er det ikkje alltid nok.

Vi har allereie fått endringar til det betre i lovverket på området. Eit kommunalt mobbeombod skal være eit lågterskel tilbod. Eit tilbod som er skilt ut i frå skulen og barnehagen sin administrasjon. Mobbeombodet skal ikkje tilsettast gjennom Oppvekst. Ombodet skal ha god omgang med elevane og dei føresette. Det må fokuserast på målretta førebygging. Målretta arbeid over tid skal bidra til at færre barn opplever mobbing. Vi må gjere det vi kan for å bidra til at alle har det fint og trygt i sitt miljø. Har vi klart å hjelpe eit einaste barn til ein betre kvardag, har vi lukkast med ombodet.

Det har vore mykje fokus på korleis ein skal få ungdommen heim igjen etter fullført utdanning. Kanskje ein trygg og mobbefri barne og ungdomstid er ein god start?

Vi ønskjer å sette større fokus på mobbing i oppveksten til våre barn. Vi trur at eit mobbeombod vil bidra til å fange opp mobbinga før det er for seint. Vi trur alle ville være tent med det. Vi håper vi får brei støtte i kommunestyret når vi kjem så langt.