Lesarinnlegg:

«Okla-utbygginga, lokaldemokratiet og valet 2019»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av arbeidsgruppa mot vindkraft på Stad, og er skrive under av Bård Fløde, Dagfred Berstad og Torkjell Djupedal:

Okla-utbygginga, lokaldemokratiet og valet 2019

Formannskapet i Selje vedtok i sak FS 099/19 samrøystes å søke NVE om utsett klagefrist på vedtak gjeldande Okla vindkraft til etter kommunestyremøtet 9.oktober. Kvifor? For å kunne gje dei folkevalde tid til å sjå nærare på argumentasjonen til ein stadig veksande lokal motstand mot denne utbygginga, og gje eit samla kommunestyre mulegheit til å ta del i dette. Formannskapet kunne då dessutan kople denne saka til innbyggjarinitiativet som også skal handsamast 9. oktober, og minsak.no-initiativet som ber kommunestyret arbeide for å stogge utbygginga på Okla.

Svaret frå NVE var dette: «Dere må klage innen fristen og heller skrive at dere kommer tilbake til begrunnelsen»-
 

NVE gjev med dette formannskapet mulegheit til framleis arbeide med ei grunngjeving viss formannskapet innan fristen sender ei «opa» klage.  Skal formannskapet sitt vedtak den 13.08. ha til hensikt å opne for drøfting/demokratiske prosessar, gav NVE dei her denne mulegheita: Sende ei opa klage innan fristen, og la lokaldemokratiet fungere fram til vedtak i kommunestyret 9. oktober.

Fleirtalet i Selje formannskap bestemte seg for kkje å sende ei slik opa klage innan fristen: Dei valde å legge lok på lokaldemokratiet og folkeviljen!

No har imidlertid dei folkevalde i Selje kommune ein sjanse til gjere eit rett vedtak i denne saka: Dei kan i kommunestyremøtet 9. oktober gjere vedtak om å prøve å stogge vindkraftutbygginga på Okla!

Vi meiner at veljarane til kommunevalet i Stad kommune må vere veldig obs på kva haldningar og verdiar som skal gjelde mellom dei folkevalde i den nye kommunen!

Sidan saka om å stogge vindkraftutbygginga på Okla først skal opp i kommunestyret 9. oktober, blir dette for seint tidspunkt å «tone flagg» og gje veljarane innsikt i kvar dei står i denne viktige saka!?

Vi vil difor be dei politiske kandidatane fortelje kvar dei står i spørsmålet om å prøve å stogge vindkraftutbygginga på Okla, og om deira haldningar til vindkraftutbygging på Stad. Dette må vi få svar på før vi går til valurnene!