Lesarinnlegg:

«Sikker transport eller ein liten «tussabåt»?»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Karl Egil Johansen, Bergen/Raudeberg:

Sikker transport eller ein liten «tussabåt»?

Ein del år tilbake var det ein svært frittalande styrmann på hurtigbåtane, som likte svært godt å snakke i høgtalaren. Eg trur han måtte vere bergensar. I alle fall «høvla» han ikkje alltid orda så nøye før han slapp dei ut. Heller ikkje hadde meldingane hans over høgtalar alltid med sjølve reisa å gjere. Ein gong eg var med, det var i eit år med bra torskefiske på Bremangerpollen, spurde han dei reisande som skulle gå av i Smørhamn om nokon visste kor han lettast kunne få tak i torsketunger! Ein annan gong annonserte han eit båtbyte i Ryssedalsvika med å seie at dei av passasjerane som skulle innover Sognefjorden, her måtte gå over i «en liten tussabåt», som han kalla det.

No ser det ut til at reisande mellom Bergen og Nordfjord kan bli påtvinga ein slik «tussabåt» frå Florø og nordover. Dette er ein så dårleg ide at det er nesten  ufatteleg at ikkje eit samla politisk miljø i Vågsøy, Bremange og Selje har samla seg i protest mot dette forslaget frå Flora. I staden er fleire sentrale politikarar  i nordfjordkommunane blitt med på ein vassen uttale om at «et  båtbytte ikke er ønskelig, men kan være nødvendig» (Fjordenes Tidende 18.8.). Folk frå Flora ser sjølvsagt ingen grunn til å protestere. Men hadde det vore båtbyte i Askvoll det hadde vore snakk om, hadde nok pipa derifrå fått ein annan lyd.

Frå hurtigbåtane kom tidleg på 1970-talet har desse båtane vore ein sikker og god transportmåte mellom Nordfjord og Bergen. Rett nok har det òg tidlegare av og til hendt at reisande frå Nordfjord har måtte byte båt undervegs, men då vanlegvis til ein båt av nokolunde same storleik. No er det snakk om ein langt mindre båt, og ein treng ikkje å ha vore fiskar eller sjømann for å forstå at det i vinterhalvåret vil kunne bli ein del «heisaturar» over Frøysjøen. Frå Bremanger er det naturleg nok blitt uttrykt bekymring for dei mange ungdomane der som går på skule i Florø.

Det er lett å forstå. Men verre er det med sjuke som treng medisinsk hjelp og behandling i Bergen. Eller for dei som sit i ein rullestol, slik kona mi gjer. Ut frå referatet frå det såkalla «dialog- og informasjonsmøtet» om båtrutene» heiter det at det vil bli ei maks ventetid i Florø på 15 minutt. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men ein kald og våt haustdag kan desse minutta bli lange for sjuke og rullestolbrukarari på ei forblåst kai i Florø. For ikkje å snakke om problemet slike kan ha med å kome seg om bord på ein liten «tussabåt».

Ut frå det nemnde referatet ligg det tydelegvis stor prestisje i det å vere fyrst ute med batteridrift og nullsleppsteknologi på hurtigbåtane. Men det kan vel ikkje vere meininga at dette skal overstyre eller trumfe liv og helse for utsette grupper? Og dessutan: Dersom batteridrift allereie no kan gjennomførast på strekninga Bergen–Florø, kan det vel ikkje vere så lenge til at ein òg kan klare å nå fram til Måløy og Selje? I så fall kan det vel ikkje skade å vente litt i staden for å innføre eit båtbyte som vil representere det største tilbakeslaget i sjøverts kommunikasjonar mellom Bergen og Nordfjord sidan hurtigbåtane kom i drift for snart 50 år sidan?

Det er uråd å sjå denne saka uavhengig av den nye Kinn kommune. Frå ja-partia i Vågsøy, Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre, er det ikkje eit kritisk ord å høyre verken i denne eller andre saker. Etter å ha overkøyrd folkemeininga og sagt ja til denne meir enn merkeleg kommunekonstruksjonen, er det venteleg ei frykt for at utviklinga det siste halvåret har fått endå fleire til å tippe over til nei-sida. At Høgre ikkje vil gjere offentleg kjent resultata av den meiningsmålinga dei fekk gjennomført, er så si sak. Endå verre er det at stemmene i Vågsøy og Flora ved det påkomande valet ikkje vil bli talt opp kvar for seg. Dei krumspring som er blitt gjort for å unngå dette, er lite tillitsvekkjande. Leiaren for valstyret, Jan Henrik Nygård (Venstre) er jamvel så frimodig at han hevdar at «innbyggjarane ikkje har interesse i å sjå resultat kvar for seg».

Heldigvis har Vågsøy kommunestyre hatt vakne politikarar i andre parti. Dei har klart å få fram mykje av det som aldri skulle ha skjedd i denne meiningslause samanslåingsprosessen. Det gjeld framfor alt Senterpartiet og Geir Oldeide frå Raudt. Sistnemnde er bokstaveleg talt ei sak for seg. Eg har aldri stemt Raudt, men det Geir Oldeide, som einaste representant for partiet, har klart å setje lys på i dei åra han har vore med i lokalpolitikken, står det respekt av. Kor mange timar han har brukt på å lese sakspair og delta på kommunale møte, veit han vel knapt sjølv. Ofte har han stilt spørsmål til ordførar og andre, utan og få anna enn ulne svar, eller ikkje svar i det heile. Like fullt står han framleis på – tanken om å gje seg, synest ikkje å ha streifa han. Eit føredøme for oss alle same kva vi kjempar for!

Det er berre ein måte å lønne ein slik politikar på. Det er å sørge for at han blir vald inn i det nye Kinn kommunestyre med god margin. Dette gjeld sjølvsagt òg andre frå nei-sida som stiller til val. Kinn kommune er ein realitet, men kva som vil skje i framtida, er uvisst. Derfor er det så viktig at alle som meiner at denne kommunen aldri burde sett dagens lys, ikkje sit heime på valdagen, men brukar stemmeretten 9. september.