Lesarinnlegg:

«Raudt vil ha botnfrådrag på eigedomskatten»

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide (t.v.) og Marie Kronen Tveranger, 1. kandidat og 2. kandidat Raudt Kinn. Arkivfoto: Julianne Flølo  

Meninger

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide og Marie Kronen Tveranger, 1. kandidat og 2. kandidat Raudt Kinn.

Raudt vil ha botnfrådrag på eigedomskatten

Flat eigedomskatt utan botnfrådrag er veldig usosial. M.a. rammar den einslege pensjonistar med eige hus veldig hardt. Raudt vil betre på dette ved å innføre eit botnfrådrag på taksten på 800 000 for bustader. Det vil bety at om taksten på huset ditt er på 800 000 slepp du heilt å betale eigedomsskatt. Er taksten på 1 million skal eigedomsskatten berre reknast ut på grunnlag av ein verdi på 200 000.

Det er mange parti og politikar som uttaler seg i mot eigedomsskatten og helst vil ha den vekk. Samtidig ser vi at dei same partia ser seg nøydde til å halde på den og til og med auke den for å komme i mål med budsjetta.

Ved å samlast om eit botnfrådrag ville vi i alle fall gjere den litt lettare å bere for dei som treng det mest. Vi vil også vere opne for å sjå på andre måtar å gjere eigedomsskatten meir sosial på.