Lesarinnlegg:

«Til ungdommen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Igland Malkenes, bystyrerepresentant for MDG i Flora. Foto: privat 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Igland Malkenes, bystyrerepresentant for MDG i Flora.

Til ungdommen

Eg blei stoppa i Florø sentrum ein dag av ein mann i femtiåra. Han sa at eg ikkje måtte gje meg i politikken. «Vi trenger unge folk som deg i bystyret», sa han. Her er det noko som skurrar. Eg er 42 år gamal.

50 prosent av dei under 30 stemte ikkje ved førre kommuneval. Det burde være ein vekkjar. Vi har mange unge med stemmerett i Flora og Vågsøy. Desse burde føle at dei er representert i kommande Kinn kommune! I ei tid der utviklinga går fortare enn nokon gong er det himmel og hav mellom ein attenåring eller ein 25-åring sin kvardag og «den unge 42-åringen» i bystyret sin kvardag.

Kinn kommune treng politikk som reflekterar den kunnskapen nyutdanna har, dei som vil etablere seg etter endt utdanning. Ein politikk som baserer seg på kunnskapen vi treng for å gjære dei riktige vala for framtida. Innovasjon, nytenking og nyskaping. Vedtak som blir gjort for framtida basert på kunnskap, ikkje på synsing og fortidas løysingar.

71 prosent av dei mellom 18 og 29 år trur dei blir påvirka av klimaendringar dei neste ti åra. Berre 54,3 prosent av dei over 65 år trur det same. For meg seier dette noko om kunnskapsgrunnlaget til dei spurde. Anten du går i andre klasse på barneskulen eller er på veg til å avslutte mastergraden din så seier det du lærer på skulen det same. Vi har alvorlege utfordringar med klima og miljø. Vi treng eit retningsskifte i korleis vi nyttar og påverkar omgjevnadane våre.

I fire år har eg fortalt Flora bystyre om samanhengen mellom kommunale vedtak og tilstanden planeten er i. Det er kommunar som gjer vedtak der naturen tapar kvar dag. I Flora, i Amazonas, i Trøndelag eller i Frankrike. I heile verda. Denne trenden må snu. Og det er opp til veljarane å bestemme kva politikarar som skal ta jobben.

Har du lese så langt så har du nok fått med deg at eg skriv som ein gamling. Men kunnskapen eg skriv om er heilt oppdatert. Sjansen er stor for at du som les også er ein gamling, som eg. Bodskapen blir den same. Ønskjer du å bidra til kunnskapsbasert politikk som tek dei rette avgjerdslene for framtida. For klima, miljø, kommuneøkonomi, omsorg, trivsel og alle andre områder. Då bør du stemme Miljøpartiet dei grøne.

Uansett, bruk stemmeretten din!