Debatt:

«Visit Fjordkysten satsar på kysten!»

– Visit FjordKysten fokuserer i sitt strategiske arbeid på å utvikle kysten som opplevingsarena for vandring – med Hornelen som fyrtårn, kajakk, øyhopping og vintersatsinga storm watching, skriv representantar for FjordKysten. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av dagleg leiar Marita Solheim i Visit FjordKysten og styreleiar Gunn Åmdal Mongstad i Visit FjordKysten:

Visit Fjordkysten satsar på kysten!

Kommunestyret i Bremanger skal torsdag 19.september handsame sak om val av destinasjonsselskap.

Det har så langt i 2019 vore ein vekst for reiselivsnæringa langs FjordKysten, med ein sommarsesong med auke i tal gjestar i regionen og på bookbare opplevingar gjennom fjordkysten.no. Også FjordKysten Turistinformasjon i Florø har hatt ein travel sesong, med ein auke i juli på 21 % samanlikna med i 2018.

Visit FjordKysten fokuserer i sitt strategiske arbeid på å utvikle kysten som opplevingsarena for vandring – med Hornelen som fyrtårn, kajakk, øyhopping og vintersatsinga storm watching. Alt for å bygge attraktivitet til kysten heile året. For Visit FjordKysten er ei bærekraftig reiselivsutvikling med fokus på lokal verdiskaping eit sentralt mål.

I marknadsføringa fokuserer vi spesielt på fellestiltak i lag med Fjord Norge og Visit Norway mot dei målgruppene vi meiner er dei riktige for kysten – opplevingsorienterte besøkande som ønskjer nærkontakt med natur, kultur og lokalbefolkning – og som ikkje ønskjer å stå i kø for å få desse opplevingane.

Det er ein styrke at så mange organisasjonar no jobbar for utvikling av kysten. Både nærings- og vekstselskap, Kystrådet, Fjordane Friluftsråd, Kystpilegrimssatsinga og Sognefjorden Kystpark med fleire er med å løfte utviklinga og er viktige samarbeidspartar for Visit FjordKysten.

Den økonomiske situasjonen til Visit FjordKysten har vore pressa dei siste åra, men selskapet har gjort fleire tiltak og økonomien er igjen i balanse. Halvårsrekneskapet for 2019 viser eit overskot på knappe 100.000 kroner. Selskapet har i september 2019 to heiltidstilsatte og ein deltidsstilling som fokuserer på sosiale media. Målsetninga er å styrke selskapet ytterlegare i 2020 med nye ressursar på både marknadsføring og sal og produktutvikling.

Visit FjordKysten har jobba målretta med produktutvikling og utvikling av Hornelen, Vetvika og Grotlesanden som fyrtårn. Og det har gitt resultat! På våre nettsider har tal sidevisningar for Hornelen auka med 15 prosent frå 2018 til 2019, og med 38 prosent for Vetvika. Liknande utvikling ser vi på sidene våre Fjordnorway og Visitnorway.

Visit FjordKysten er eit framtidsretta og samarbeidsorientert selskap med mange gode alliansepartnerar i både Fjord Norge, Visit Norway, Norled, Go Fjords, Fjord1 og turoperatørar, som ser seg om etter nye og mindre belasta reisemål. Bergen er den viktigaste innfalllsporten til kysten, og Visit FjordKysten jobber strategisk med å utvikle opplevingar med utgangspunkt i ekspressbåtruta langs kysten.

Visit FjordKysten skal fortsatt jobbe for å utvikle og marknadsføre ikoniske kystopplevingar. Vi vil ha fokus på å ta vare på det som er særmerkt for kysten og at FjordKysten skal opplevast som eit autentisk og attraktivt reisemål.

Visit FjordKysten skal jobbe tett saman med næringsliv og kommunar om ei reiselivssatsing som styrker verdiskapinga i lokalsamfunna. Forankringa i kommunane er viktig, og av den grunn har også Bremanger kommune eit fast styremedlem i styret til Visit FjordKysten.
Slik Visit FjordKysten ser det er det viktig å jobbe med tiltak som styrker både små og store reiselivsaktørar, som alle er like viktige for å skape eit komplett reisemål.

For å utvikle reiselivet på kysten, så treng vi ei samla kystsatsing der reiselivsaktørar og kommunar på kysten går saman om ei langsiktig og forpliktande satsing. Bremanger er ein naturleg del av ei samla kystsatsing, og Visit FjordKysten ønskjer fortsatt å ha Bremanger kommune med på fellessatsinga langs kysten!