«Stor verdiskaping med reduserte inngrep på Bremangerlandet»

Dagleg leiar Stig Svalheim i Bremangerlandet Vindpark har skrive dette lesarinnlegget.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Stig Svalheim, dagleg leiar i Bremangerlandet Vindpark:

Stor verdiskaping med reduserte inngrep på Bremangerlandet

Vegen fram mot ein vindkraftkonsesjon er lang, med grundige utgreiingar og omfattande involvering av kommune, lokalsamfunn og grunneigarar. Slik bør det også vere. Fornybar kraftproduksjon baserer seg på å utnytte fellesskapet sine naturressursar, og då skulle det berre mangle at ein ikkje vurderer konsekvensane nøye og involverer lokalsamfunnet i gode og demokratiske prosessar.
Kanskje er ikkje prosessane perfekte, men få industrietableringar er gjenstand for like omfattande og opne prosessar som kraftutbyggingar. Ein grundig prosess er viktig for tilliten til resultatet. Men som dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen, påpeikar: «Tillit fordrar også at ein kan stole på myndigheitenes vedtak. Når partane har fått sagt sitt, og klagemoglegheitene er brukt opp, kan ikkje konsesjonsvedtak lenger vere i spel. Utbyggar må vite at ein tildelt konsesjon står ved lag sjølv om vindkraftmotstandarane held fram protestane sine».

Når NVE no sender på høyring miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-planen), detaljplan, og søknad om konsesjonspliktige endringar for Bremangerlandet vindkraftverk, så er det desse endringane og detaljeringa som er gjenstand for eventuell innspel. Sjølve konsesjonen er gitt av Olje- og energidepartementet og er endeleg. På grunn av teknologisk utvikling, og innsikt ein har fått undervegs i prosessen, er det fornuftig og vanleg praksis å tilpasse prosjektet nærare byggestart.

Kva er så det mest vesentlege i dei planane og søknadane som no skal på høyring, og som skil seg frå då konsesjonen vart gitt? I hovudsak er det snakk om følgjande:

Turbinhøgde og tal turbinar. Lengre turbinblad og endring i turbinteknologi gjer det mogleg å produsere større energimengd med færre turbinar. Ved å auke turbinane si totale høgde med 19 meter, frå 130,5 til 149,5 meter, kan vi redusere tal turbinar frå 26 til 18. Bremangerlandet vil etter desse endringane gje 40 % meir energiproduksjon i høve arealbruken enn det som var tilfellet då prosjektet fekk konsesjon i 2017.

Vegar. Færre vindturbinar reduserer også behovet for oppstillingsplassar og vegar. Totalt reduserer vi veglengda i naturen med 6,5 kilometer. Myr vil berre i beskjeden grad bli rørt.

Effekt. På grunn av endringa i turbinteknologi og ei generell optimalisering av prosjektet, søkjer vi om å auke effekten på vindkraftverket frå 80 til 86 MW.

Ilandføring. Grunna turbinane sin storleik er ilandføring endra frå Smørhamn til Oldeide. Opprusting av fylkesvegen frå Smørhamn for å legge til rette for transport er derfor teke vekk, og erstatta med ein eingongssum på 32,5 mill. kroner til kommunen for å kompensere for at opprustinga av vegen ikkje blir gjennomført. Hårnålssvingane i Oldeidebakkane vil bli utbetra, noko som på vinterstid vil hjelpe på framkommelegheita for tungtrafikken til ytre Bremanger.

Plassering. Turbinane som var plassert nærast kanten mot Dalen er flytta bakover i planområdet, og vil vere mindre synlege frå bygda. Dette er i tråd med føringane frå Bremanger kommune. Utforminga av anlegget tek også omsyn til kartlagde fugletrekk over Bremangerlandet, og tilrådingar frå NINA (Norsk institutt for naturforsking). Mellom anna er to turbinar fjerna og éin turbin flytta vekk frå dei mest aktive fugletrekkleiene samanlikna med den opphavlege konsesjonssøknaden. Fleire turbinblad er i tillegg foreslått merka – eit tiltak som har synt seg å redusere kollisjonsfaren i andre vindkraftverk. I tillegg vil det i driftsperioden bli sett i verk ytterlegare undersøkingar og eventuelle tiltak for å redusere konfliktpotensialet med omsyn til fugl.

Klima, karbonavtrykk og berekraft. Bremangerlandet vindkraftverk er eit lite, men viktig bidrag for at Norge skal løyse sine klimaforpliktingar ifølgje Paris-avtalen. På grunn av auka energiproduksjon og optimalisert design av nye vindturbinar, med lågare materialforbruk per kWh, er karbonavtrykket per vindturbin monaleg redusert. Samstundes blir mengda av ikkjesirkulerbart avfall per produsert kWh frå utrangerte turbinar stadig redusert.

Det er altså ikkje prosjektet i seg sjølv NVE no søkjer innspel på, men detaljeringa og planjusteringane i forhold til den gjevne konsesjonen frå 2017. Vi meiner desse justeringane i alt vesentleg endrar prosjektet til det betre for alle partar. Det betyr lågare konfliktpotensial samt auka verdiskaping både for utbyggar, grunneigarar, lokalsamfunn og kommune.