«Lite verdiskaping utan arbeidsplassar på Bremangerlandet»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jørund Nygård, på vegner av gruppa mot vindkraft på Bremangerlandet, og er eit svar til dagleg leiar Stig Svalheim i Bremangerlandet Vindpark sitt innlegg:

Lite verdiskaping utan arbeidsplassar på Bremangerlandet

Det vi som kjempar mot SFE si vindkraftutbygging på Bremangerlandet her i havgapet finn mest nyheitsverdig i Stig Svalheim sitt innlegg om auka verdiskaping og redusert konflikt for prosjektet, er det han ikkje nemner. For kor har alt framsnakket om arbeidsplassane tatt vegen? Når han i sommar jobba med MTA/detaljplanen, lovde han gjentatte gonger, høgt og tydeleg, 6–8 lokale arbeidsplassar. Dette var hans viktigaste salsargument. Men no som planen er klar, kan alle tydeleg lese kva dei eigentleg planla: «Tiltakshaver vil inngå en driftsavtale med turbinleverandøren».



Ein vil altså sette alt ut til turbinleverandør Vestas. Deira praksis er å fjernovervåke kvar komponent frå Danmark eller Tyskland, og derifrå sende eit vogntog med reservedelar og personell til å skifte ut slitne komponentar ved behov. Ved slike besøk kan dei og plukke opp og registrere død fugl. Same avtale har dei på Mehuken i Vågsøy med elleve turbinar, der all lokal sysselsetting er ein elektrikar i 50 prosent stilling. Påstanden om auka verdiskaping for lokalsamfunnet i nye planar fell på si eiga urimelegheit.

Vi vindkraftmotstandarar vil presisere at debatten må vere faktabasert, også frå utbyggar si side. Det er ingen haldepunkt for å hevde at Bremangerlandet vindkraftverk er eit bidrag til å nå Norge sine mål i Parisavtala. Dei skriv i MTA-søknaden at prosjektet i sin heilskap, med unntak av stadar med fast fjell, vil bli bygd i myr og myrjord. Så anten har SFE sin søknad eller lesarinnlegget til Svalheim – som hevdar inngrepet blir lite, faktafeil. Store inngrep i myr vil medføre store klimagassutslepp. Ingen kan nekte for at vindkraft produserer rein fornybar energi, men utan eit klimarekneskap kan ein ikkje slå fast at akkurat dette prosjektet vil vere positivt for klimaet innan eit rimeleg tidsrom. Vidare, så renn elvane bratt ned frå myrene på fjellet forbi bustadhus ned mot Dalavatnet. Ein skulle tru at jølstringen Svalheim var smerteleg klar over kva konsekvensar ekstremvêr og flaumskred kan ha, spesielt om ein ikkje lenger har intakte myrer til å samle nedbør og dempe flaum.

Det blir feil å hevde at vegen i Oldeidsbakkane blir utbetra, ein bygger i staden avkøyrsle i kvar sving slik at vogntoga som skal frakte vengane på 66,5 meter kan køyre inn på denne for å rygge opp neste stigning.

Når det gjeld trekkfuglane, så er det einaste tiltaket SFE føreslår, å male kvite turbinvengar i svart, eit heller dårleg forslag for fugl som i hovudsak trekker nattetid. Det må påpeikast at SFE ikkje planlegg eit einaste tiltak som NINA-forskarane verkeleg anbefaler, som storstilt fjerning av alle turbinar i dei mest utsette områda.

Dei nye planane har større venger, slik at sveipearealet blir 73 prosent større. Sjølv med færre turbinar blir då totalen for prosjektet 20 prosent verre enn før endringssøknad for fuglane sin del. Fylkesmannen definerer fugletrekket over Bremangerlandet som nasjonalt og internasjonalt viktig. Miljødirektoratet seier det er snakk om mange forvaltningsprioriterte og raudlista artar. Målingane her og ved Guleslettene er dei som har fanga opp dei største mengdene fugl i Norge. Trekkfuglane er beskytta av internasjonale traktatar, og ifølge Naturmangfaldlova er er det summen av alle vindkraftanlegga i same led som skal vurderast. Okla, Bremangerlandet, Hennøy, Guleslettene og Lutelandet. Same lov seier at vurderingane av dette tidlegare i konsesjon er ugyldig no, sidan ein då la til grunn at ingen av dei var i eit fugletrekk. Internasjonalt er det brei semje om at ein ikkje skal legge vindkraftanlegg i trekkruter, og det sluttar vindkraftbransjen i Norge seg til, ref utsegn frå NORWEA. Det er altså per dags dato, ingen andre som støttar opp om Svalheim og SFE sitt syn på at dette er forsvarleg.

Det forundrar oss at vi aldri høyrer noko frå utbyggar om at stien til turistattraksjonen Vetvika blir 50 meter frå vingespissane på næraste turbin. Vi høyrer ingenting om at området er særs utsett for isingsfare i NVE sitt kartgrunnlag. Vi høyrer ingenting om at Miljødirektoratet klassifiserer Bremangerlandet som einaste stad med næringskyst med maritimt høgfjell i landet utanom Finnmark, og anbefaler vern og nasjonalpark – blant anna der SFE vil bygge kraftlinjer. Vi høyrer ingenting om at kraftlinja ikkje skal koplast på nettet i Ytre Bremanger slik at straumbrot vil skje like ofte som no. Vi høyrer ingenting om lokal ørn, vandrefalk, hubro og andre lokale raudlista artar. Vi høyrer ingenting om kva som skjer med Bremangerpollen og Klungreset der konsulentrapporten peiker på at ein kan miste signal frå Steinfjellsendaren. Må dei på eigen kostnad saksøke SFE for å få erstatning? Er det dette SFE meiner med å involvere "lokalsamfunnet i gode og demokratiske prosessar"?

Prosessen som blir forsøkt ført no er uryddig. Ein sender inn ein detaljplan til NVE som bygger på ei føresetnad om at SFE sitt søksmål om ekspropriasjon mot alle grunneigarane allereie er vunne, medan den er til aktiv behandling i tingretten. Og vidare bygger detaljplanen på at søknaden om ny og større konsesjon allereie er innvilga. Desse to må begge på plass før ein søknad om endeleg utbyggingsplan kan behandlast av NVE. Når det gjeld sjølve konsesjonen som ligg til grunn, så seier Energilova § 10-3: «Dersom konsesjon er gitt på grunnlag av uriktige eller ufullstendige opplysninger om forhold av vesentlig betydning (...) kan konsesjonen trekkes tilbake.» OED sine retningslinjer og tidlegare sakshandsaming understrekar at slike ting skal takast opp og behandlast når det er søkt om konsesjonsendringar. Det forundrar oss at utbyggar prøvar å hevde at konsesjonen er endeleg, når ein samstundes søker om at den blir endra på 17 store punkt.

Vi registrerer at SFE har eigeninteresser for å behalde konsesjonen, og det er ikkje deira feil at det er den viktigaste trekkruta i Norge, samt at området blir stadig viktigare for friluft og reiseliv. Fleire av feilvurderingane her er det NVE og OED som står for, ikkje berre SFE. Uavhengig av dette, så kan ikkje utbyggar sine økonomiske insentiv vektleggast mykje i møte med dei sterke lokale, nasjonale og kanskje internasjonale interessene mot realisering, medrekna at planane utfordrar Naturmangfaldlova på eit omfang vi aldri har sett før i Norge.

Hugs, det er aldri for seint å snu, Stig! Det ville vere ein stor fordel for alle partar om det skjedde av eiga maskin.