«Vi må til botn i NAV-skandalen»

Dette innlegget er skrive av Marie Øverås Jensen, Kommunestyrerepresentant for Kinn Sosialistisk Venstreparti.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette innlegget er skrive av Marie Øverås Jensen, Kommunestyrerepresentant for Kinn Sosialistisk Venstreparti og Audun Lysbakken, Partileiar i Sosialistisk Venstreparti.

Vi må til botn i NAV-skandalen

NAV-skandalen rystar oss alle. Mange av oss kjem til å bli sjuke i løpet av livet, då treng vi eit system som er der for oss, eit NAV som stiller opp. Det som har skjedd no, er at mange menneske er uskuldig dømde for trygdesvindel. Vi i SV lovar å snu alle steinar for å få svar på kva som har skjedd.

Vår førsteprioritet er å få eit tydeleg svar frå arbeidsministeren på korleis regjeringa har tenkt til å syte for at alle som er feildømde, eller har fått liva sine påverka av NAV sine feiltolking av regelverket, skal få oppreising. Det handlar om folk som har sete i fengsel, men det handlar også om mange andre alvorlige historier.

For det er mange som er ramma av denne saken, på ulikt vis. Nokre har sett ein bror med psykiske problem få ytterlegare stein til byrda med pålegg om en straffedom som ikkje er riktig. Nokre har mådde betale tilbake store summar dei eigentleg hadde krav på, utan at de hadde det spesielt romslig økonomisk i utgangspunktet. Og nokre har ikkje fått lov til å reise til utlandet for å til dømes besøke sjuke eller døande slektningar, då dei har risikert å miste livsgrunnlaget sitt.

Det er sjokkerende å sjå at NAV i utgangspunktet meinte at dei ikkje trong finne ut kven denne enorme feilen ramma. Og det er ein av fleire sider vi må få klare svar på. Kvifor skjønte ikkje NAV tidligare at dei tok feil, og snudde? Alt i 2017 gjorde trygderetten det klart at de mente NAV praktiserte lovverket feil. Sidan den gong har mange vorte ramma. Kvifor blinka ikkje varsellampene før?

Og kvifor skjønte arbeids- og sosialministeren først i september 2019 kor alvorleg denne saka var, når ho blei varsla om usemja mellom NAV og trygderetten lenge før? Dette og fleire andre spørsmål vil SV vil ha svar på når arbeidsministeren kjem til Stortinget for å greie ut om saka på tysdag. Vi kjem til å forfølgje saka heilt til alle svar er på bordet. Denne saka blir kanskje ekstra ille fordi så mange av dei som styrar nyttar store krefter på å mistenkeliggjøre folk som treng hjelp frå fellesskapet. Det er nesten som om dei nyttar meir politisk trøkk og prestisje på å jage små og store feil, enn på å syte for at alle som treng får hjelp. For alle som er rammet er dette frykteleg alvorleg, for nokre av de sjukaste og fattigaste er feila til systemet en katastrofe.

Svindel skal sjølvsagt takast, og i Nav, men vi må spørje oss om denne skandalen kunne skjedd om uretten hadde ramma dei friske og rike, ikkje dei av oss som er sjuke eller fattige. Dette må vi til botnen av. No.