«Kinn – kva no?»

Leiar Geir Oldeide i Raudt Kinn har skrive dette lesarinnlegget.   Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, leiar i Raudt Kinn:

Kinn – kva no?

Mange fekk seg ein støkk då rådmannen la fram forslag til Kinn sitt første budsjett. Det blir lagt opp til forverring for svært mange. Vi reknar med at ærlege Kinn-tilhengarane sine forventningar om kor bra dette skulle bli har fått seg ein alvorleg knekk. Raudt er ikkje overraska. Påstandane til Kinn-skeptikarane har vore rette: Kinn kommune er ikkje eit berekraftig prosjekt. Den nye kommunen blir mykje tyngre å drive enn dei to kommunane kvar for seg, og den er i utgangspunktet underfinansiert og difor eit tapsprosjekt frå første dag. Attpåtil har dei fremste arkitektane for prosjektet stått i spissen for å auke gjelda i både Vågsøy og Flora til eit formidabelt nivå.

Vi veit ikkje korleis budsjettet blir etter den politiske behandlinga, men ingen må ha illusjonar om at dei folkevalde kan trylle. Raudt skal gjere det vi kan. Vårt fokus er vanlege folk og kampen mot auka forskjellar. Så får vi vente med budsjett-dommen til ut i desember.

Men det er ingen grunn til å vente med Kinn-dommen. Kinn er ikkje berekraftig og må løysast opp igjen. Raudt reknar med at motstanden mot Kinn vil auke gjennom og etter denne budsjettrunden. Både i Vågsøy og i Flora. Og den vil auke endå meir ved neste korsveg. For dette er berre første runde.

Så kva gjer vi? Korleis skal vi stake ut vegen for å få retta opp igjen den feilen som vart gjort? Raudt har ikkje fasiten. Vi veit berre at jobben må gjerast og at alle gode krefter må stå i lag om å stake ut kursen. Folkerøysting for å syne kva oppslutnad Kinn har i befolkninga, trur vi hadde vore ein styrke i dette arbeidet. Det blei diverre førebels punktert av Sp då dei binda seg til masta i lag med Ap.

Og så veit vi at det er berre Stortinget som kan avgjere spørsmålet om Kinn. Difor er det dit det langsiktige målet må vere. Ein plan har mange delmål på vegen mot det endelege målet. Kva desse er og korleis ein skal nå dei må utviklast i ein brei allianse som går ut over snevre partigrenser; i begge kommunane. Organisasjonen «Nei til Kinn» er nøkkelen til å få organisert dette arbeidet. Raudt har difor bedt om eit møte med NTK for å drøfte stoda og korleis dette skal byggast opp framover. Kampen om Kinn har gått inn i ein ny fase etter valet. Ingen må tru at det blir lett å reversere Kinn-vedtaket i Stortinget. Men ingen skal heller innbille verken Raudt eller andre at kampen er tapt på førehand!