«Har du 30 millionar kroner, grunneigar?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Hildegunn Vederhus. Bildet viser korleis det potensielle området for utbygging av vindkraftverk ser ut på Zephyr sitt kart. Dette var del av presentasjonen på det innleiande møtet.   Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hildegunn Vederhus.

Eg, grunneigar-spiren, var på møte med Zephyr As her om dagen. Innleiande møte, sa dei. Salsteknikk og rosaskyer, seier eg. Eg høyrte prosjektutviklarane bagatellisere reelle bekymringar, overhøyre kritikk, ikkje akseptere fleirtalsavgjerdsler, avfeie ordførarar si henstilling, avfeie forskingsresultat som ikkje tala i deira favør og unnlate å informere grunneigarar om den kjempemessige økonomiske risikoen desse løper.


Grunneiere gikk kraftig ut mot vindkraftselskap

– Dere er 100 prosent uvelkomne til å bygge ut vindkraft i vårt område

Vindkraftselskapet Zephyr inviterte tirsdag kveld grunneiere i grenseområdet mellom Selje og Vågsøy, Kvamfjellet, Langedalsegga og Salen, til grunneiermøte vedrørende planer om vindkraft i områdene. Der ble frontene steile fort.


Særleg dette siste vil eg her seie noko om...

Eg spør meg;

Løper grunneigarar og deira etterkomarar ein kjempeøkonomisk risiko ved å tillate vindturbinar på eigedomen sin? Ser vi starten på ei rekkje personlege konkursar og kommunar som kjem på Robek-lista att? Ser vi starten på at fleire og fleire etterkomarar ikkje vågar ta over eigedomar som har forelda vindturbinar ståande på seg? Det som skjer på grunneigars eigedom, er etter lova grunneigars ansvar. Må grunneigar bære oppryddingskosten dersom investorar i kraftselskapa trekkjer seg ut, slår industrianlegget konkurs og forlet turbinar og naturområdet til kråkene?

Ein må ha eksempel å samanlikne med. Her i Selje har vi friskt i minne 2016. Branntomta etter Selje Hotel var estimert til 4 millionar i opprydning ifølge avisa. Men selskapet var renska for verdiar lenge før dei vart slått konk, og ein hadde ingen å rette kravet til. Kommunen fekk rekninga på sin pult. Ein gjekk til den som eigde grunnen. Ein vindpark er eit formidabelt oppryddingsprosjekt samanlikna med Selje Hotel.

Kven får rekninga når fuglen er flogen frå grunneigarane si tomt mens "reiret" ligg att som ein aukande miljøtrussel? Er grunneigar eller den som tek over etter grunneigar, klar til å bere kosten for opprydding eller bøter for mangel på slikt? Når folk ikkje kan betale, vert ein slått personleg konkurs. Og kor havnar eigedomen og rekninga då? For oppryddinga må gjerast. Om kommunen får rekninga, vil det seie at alle innbyggjarane må ta støyten for den grunneigar som i si tid signerte.

Zephyr AS snakka om at grunneigarar signerer for å ha noko å gje vidare til etterkomarane. Men her er risikoen at arven blir fare for økonomisk ruin. Ein mildt sagt tragisk arv. I lys av kor omfattande risikoen er for grunneigarar og kommunane, blir kanskje Terra-avtalane for ein miniputt å rekne?


Reagerer på uttalelser om positivt signal fra kommunene

Prosjektleder i Zephyr AS, Johnny Hansen, påpekte i vindkraftmøtet tirsdag at det blant annet var positiv holdning fra Vågsøy og Selje kommuner som var medvirkende til at de nå vurderer områdene for utbygging av vindkraft. Den uttalelsen fikk reaksjoner fra både grunneiere og ordførerne.


Prosjektutviklarane seier skrotverdi er eit insentiv for opprydding. Fleire stadar i verda står forletne turbinar og rustar ned. Det at ein grev ned turbindelar eller let dei stå att, fortel at skrotverdien og nedriving på ei paddeflat mark nede i Europa ikkje er så høg at det lønner seg å rydde opp. Det vert ikkje billigare her oppe i fjellheimen.

Opprydding av eit industrianlegg er idag estimert til 1 million kroner per mølle + adskillige millionar til opprydding eller årleg vedlikehald av infrastrukturen på området. Turbinar består av spesialavfall.

Beskjedent estimert ville eg tru at ein minst snakkar om 30-40 millionar i opprydding av eit anlegg på 20-25 turbinar. (NVE har eit svært forsiktig estimat om at demontering av ein vindturbin vil koste 800.000 kr.oner). Pengar til slik vert ikkje begynt avsett før etter år 12. Og også då, ikkje nok til å ta den reelle kosten. Og på kven sin konto hamnar desse avsettingane?

Kva hvis interessene eller teknologien endrar seg og gjer anlegget mindre investeringsverdig innan år 11? Har norsk lovverk hengt med? Finst det forsikringsselskap som ville forsikre ein grunneigar om kraftselskapet slår seg konk eller investorane viser seg å ikkje opptre så altruistisk som prosjektutviklarane hevdar?

Kva med grunneigarar som har signert avtaler med selskap som veit å styre unna stigande vedlikehaldskostnader ved å selje unna anleggsmidler?

Zephyr AS sa på møtet at dei såg føre seg konsesjonane fornya inn i evigheita. Skal vi verkeleg tru på det og ikkje eingong tenkje på korleis finansverda fungerer?

Konsesjonen varer i 25 år. Avsetting til opprydding skjer frå år 12, som sagt. Teknologien er i drivande utvikling. Landbaserte anlegg er økonomiske berre i kraft av at dei er sterkt subsidiert akkurat no. Fornuftige investorar vernar om si portefølje. Nedadgåande avkasting målast opp mot investering for å auke omsetninga. Når det ikkje er godt nok, sel ein ut til mindre investorar med mindre økonomiske musklar. Desse melkar ut siste del, skil ut delar av verksemda som ikkje er lønnsame og legg dei ned. Slår ein dei i tillegg konkurs, kjem ein unna kreditorar og oppryddingskost. Slik fungerer finansverda. Ein ser same dynamikken i oljebransjen. Aksjeeigarar vil ha utbytte - det går framfor alt.

Sveinulf Vågene kunne fortelje om at ein på nære nippet fekk avverga ei tilstand lenger ned på norskekysten, der ein vindturbinleverandør gjekk konkurs. Flaks var at firmaet ikkje hadde begynt å levere. For det er ikkje business å levere servicedelar og vedlikehald på ein annan produsent sine turbinar. Turbinprodusentar vil levere sine eigne turbinar.

Men utskifting av heile turbinen gjer ikkje anlegget lønnsamt for investorane. Ein slik ekstrakost, vil også få ein smart investor til å selje unna.

Grunneigarar må ta seg juridisk bistand. Og dette er ikke advokatmat for nybyrjarar. Staten burde som i etterspelet av Terra-saka, kreve at kraftselskapa presenterer eit heilt og reelt risikobilde av avtalen grunneigar står overfor.

Skal vi verkeleg ikkje våge å diskutere dette? Bort med rosaskyene, folkens! Fram med lupa og detektivhatt. Grunneigarar over det ganske land treng drivande dyktige juristar, advokatar og politikarar som har auga og øyra med seg, og mot til å gje denne bransjen eit par rettelege oppvekkjarar.

Og så heilt til slutt, et par spørsmål om dei samfunnsmessige ringverknadane på åtferda til denne bransjen.

Når Sandnes kommune måtte få organisasjon Motvind med for å drive blokkade av industriområdet, for med det å tvinge eit direktorat (NVE) til å ville snakke med seg. Då opptrer NVE som kraftselskapa sine allierte. Men det er ikkje deira mandat. Direktorat skulle passe på våre felles interesser, trudde eg. Og når NVE er blitt så "rund-lobba" at dei mister grunnleggjande sjølvforståing, kva seier det om kor kraftbransjen sin eigentlege agenda ligg? Skal vi ha eit land der dei med pengar og innflytelse får dure fram som dei vil? Eg veit at vi truleg langt på veg er kome hit. Men eg er ikkje klar for å gje kraftbransjen rett til å opptre som koloniherrar heilt enno.

Eg meiner at når ein bransje får drive villeiande sag som øydelegg store naturområde og dyreliv i heile landet, trugar økonomien til privatpersonar og kommunar, bryt norske lover, tek uformelle pratar med offentlege leiarar utan at dette hamnar i formelle arkiv, inngår hemmelege avtalar som rammar levekåret til folk i heile bygder osv. - er slik opptreden ein direkte trussel mot eit heilt land sitt styresett, mot demokratiet og verdiar vi har om å vere eit velferdssamfunn som tek vare på alle.

Viss eg har rett, må vi vekkje kongen og la varselklokkene ringe så pass at det vert pinleg for både Storting og regjering. Vi kan ikkje la "lobbytomeringa" av leiarane i nasjonen få fortsette. Lobbyverksemd gjer statlege organ passive og sløve for folket sine varslingar.

Og signe deg for å ha lest heilt hit.

Du er meir vaken enn du trur.

Kan nokon som meiner seg visare forklare ein bekymra grunneigar-spire om eg tek feil i resonnementet mitt, og eventuelt vise meg til lover og kjelder som syner at risikobildet og scenarioet ikkje er som eg trur? Det hadde vore fint.

Takk.