«Vestland må følge opp vedtaket frå fylkestinget og prioritere oppstart for Svelgen – Indrehus»

Meninger

Denne årsmøteuttalen er sendt inn av Bremanger Senterparti:

Årsmøteuttale fv. 614 Svelgen-Indrehus

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i desember 2017 at fv. 614 Svelgen – Indrehus, som er ein del av Kystvegen Ålesund-Bergen, skal byggast. Oppstartsløyving blei gitt for 2020. Når det nye fylkestinget for Vestland i desember skal bestemme og prioritere kva investeringar som skal gjerast, forventar Bremanger Sp at Vestland fylkesting følger opp vedtaket frå fylkestinget i Sogn og Fjordane og prioriterer oppstart for fv. 614 Svelgen – Indrehus i budsjettet for 2020.

Standarden på fylkesvegane på kysten langs Sogn og Fjordane er dårleg, og reisetida lenger enn nødvendig. Kystvegen skal gje betre og tryggare vegstandard, kortare reisetid og større bu- og arbeidsområde. Fv. 614 Svelgen – Indrehus vil binde Førde, Florø, Svelgen, Måløy, Nordfjordeid og nærliggande område tettare saman, og bidra til at arbeidsmarknaden for heile området blir sterkt utvida. Dette vil gje auke vekstkraft i regionen. Fv. 614 Svelgen – Indrehus har 25.000 menneske i sitt næraste nedslagsfelt. I tillegg har vegkravet støtte i tilstøytande kommunar som Naustdal og Førde, med til saman over 15.000 innbyggarar. Det er brei politisk og folkeleg semje i regionen for vegprosjektet. Kystvegen er viktig for folk i vårt distrikt.

Næringslivet langs kysten av Sogn og Fjordane har «den dårlegaste infrastrukturen i landet» (jf. uttale frå fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Sp 10.03.17.) Industrien og havbruks- og fiskerinæringa i vår region leverer varer til Europa i trailerar på smale og dårlege fylkesvegar, året rundt. Fv. 614 Svelgen – Indrehus vil gi betre vilkår for eit næringsliv som bidrar med stor nasjonal verdiskaping. Fv. 614 Svelgen – Indrehus vil knyte våre verdiskapande bedrifter tettare saman med kvarandre, omlandet og omverda. Dette vil gjere kjøp og sal av varer og tenester betre og enklare, og stimulere til auka næringsvekst.

Dei største bedriftene i Bremanger kommune investerer for tida rundt 3,5 milliardar kroner. Samla omset desse bedriftene for over 2 milliardar kroner årleg. Når ein tek med bedrifter i omliggande kommunar blir talet mangedobla. To tredjedelar av kraftproduksjonen til Sogn og Fjordane Energi AS skjer i Bremanger kommune. For bedriftene er det viktig å vere del av ein stor arbeidsmarknad for å få rekruttert kvalifisert arbeidskraft. Vestland fylkesting må sørge for at bedriftene i distriktet blir høyrde. Realisering av Kystvegen er særs viktig for vårt næringsliv.

Fv. 614 Svelgen – Indrehus vil bidra til at 50.000 menneske i nye Vestland kan kome innanfor same 45-minutts region. Vestland treng denne vegen for å utnytte heile vekstpotensialet til kysten, slik at folk og næringar framleis kan ha levevilkår her i framtida. Kysten er ein viktig del av Vestland og kystvegen er viktig for Vestland! Bremanger Sp insisterer på at Vestland fylkesting må prioritere oppstart av fv. 614 Svelgen-Indrehus i budsjettet for 2020.