«Svar til Lem»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Trond Strømgren, seniorrådgjevar fornybar energi og verdikjede hydrogen, Ocean Hyway Cluster. Innlegget er eit svar til Jan A. Lem:

Svar til Lem

Hydrogen har svært høgt energiinnhald. Dette gjer gassen eigna til framdrift av hurtiggåande passasjerbåtar på lange distansar. Tankar for lagring av hydrogen om bord er relativt tunge. På ruta Bergen-Nordfjord vil det i utgangspunktet vere naudsynt med bunkring av hydrogen ved begge endestoppa. Det krev etablering av hydrogenproduksjon eller - leveransar og bunkringsfasilitetar to stadar.



Som del av Paris-avtalen har Noreg forplikta seg til å redusere utslepp, også i maritim sektor. Næringslivet er klare med tekniske løysingar og kan til dømes levere hydrogendriven hurtigbåt innan mai 2022. Det er no opp til politikarar og fylkesadministrasjon å velje berekraftige løysingar for drift av hurtigbåtar i Vestland fylke i neste anbodsperiode.