«Uverdig kampanje i Bremanger»

  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av: Jørund Nygård, Tore Røys Nesbakk, Ivar Rune Varpe, Roy Ove Svarstad, Tommy Nygård, Mary Jane Varpe, Grete Varpe, Linda Heggernes Varpe, Sissel Klungreset, Roger Igland, Karine Igland, Maria Igland, Martin Husabø Igland, Unni Moe, Mary Moe, Terje Torvanger, Jan Karsten Nygård, Inge Johan Sylta, Harald Grytten, Unn Vatsø, Arve Svarstad, Elias Svarstad, Sarah Nygård, Harry Grotle, John Roar Grotle, Ola Martin Grotle.

Uverdig kampanje i Bremanger

Å stenge flaskehalsar i vårt tettaste fugletrekk med vindturbinar er vanskeleg å forsvare. Difor forsøker heller ikkje SFE og deira folkevalde støttespelerar dette. Dei bortforklarar og kjem med drøye, men ubegrunna skuldingar for å undergrave motparten og dermed avspore heile debatten.

Engasjerte bremangerfolk som vil bevare natur, livskvalitet og reiselivsvekst, vart rett før jul skulda for å ha nytta falsk informasjon til å lure det politiske fleirtalet, inkludert ordføraren, til å gå i mot vindkraft på Bremangerlandet.

Diverre var dette berre det siste i ei lang rekke uverdige utspel.

Det har blitt sagt at vi er «nett-troll og klimafornekterar». At vi er «fundamentalistar» med lita støtte i lokalsamfunnet. Ja, faktisk så lita at «dei som er i mot er berre en 6-7 stykker og ingen av dei bur i Bremanger eingong».

Det vert påstått at folk ikkje tørr seie kva dei meiner fordi vi «mobbar» dei som ytrar offentleg at dei er for vindkraft. I tillegg kjem vi med «hets», «sjikane», «skremselsbilete» og «propaganda». Argumenta våre vert kollektivt oppsummert som «løgnene».

Dette er ikkje eit utdrag anonyme kommentarar på nettet. Samtlege påstandane er framsatt av personar som har leiande stillingar eller verv i SFE, BKK og Bremanger Senterparti. Alle har kome i media eller i offentlege forum som kommunestyret og formannskapet og kan dermed faktasjekkast.

Det heile starta i november då vi hadde invitert SFE ved konsernsjef Johannes Rauboti til å halde tale på Sandane. I staden for å svare på våre spørsmål og innvendingar, så brukte han taletida til å svartmale oss kollektivt. Forundringa blant oss var stor - kva i alle dagar refererte han til? Etter mykje leiting, fann vi til slutt ein einaste håplaus enkeltkommentar blant tusenvis av saklege, begravd i ein diskusjonstråd på gruppa vi har oppretta på facebook. Dette var den fulle og heile bakgrunnen for svartmalinga.

Kommentaren var ikkje retta mot enkeltpersonar, men handla om sosial utestenging av ja-grunneigarar og SFE-ansatte. Dette er langt under einkvar standard for kva vi ynsker å stå for, og vi tek kraftig avstand frå slike haldningar. Den vart sletta, vi beklaga, og alle tre tusen medlemmane i gruppa vart påminna på at liknande bodskap ikkje kan tolererast.

Å svartmale alle, særleg over noko som ein verken har skuld i eller støttar, er ein kjend hersketeknikk. Når ein ikkje kan svare med eigne saklege argument, gjeld det å undergrave og dermed flytte fokuset over på motparten si truverd. Logikken er at om ein klarar å male nokon som tvilsame, så kan dokumentasjonen dei kjem med vere tvilsam òg.

Bremangerlandet vindkraftverk er eit uforsvarleg prosjekt, både miljø- og samfunnsmessig. Vi viser til faginstitusjonar og forskningsrapportar for å dokumentere dette. Motparten har ikkje møtt oss med saklege svar. Dei har møtt oss med undergraving, uforpliktande lovnadar om avbøtande tiltak og bortforklaringar.

Sidan det første utspelet frå Rauboti, har skuldingane mot oss både blitt fleire og meir usaklege. Fleire enkeltpersonar i Bremanger Senterparti har òg lat seg bruke til å komme med mange av dei. Felles for alle er at det aldri vert referert til noko handfast vi skal ha gjort, alt er generelt og basert på fordommar. Ingenting vert grunngjeve om kva til dømes «løgnene og mobbinga vår» skulle handle om, eller kven vi i så fall har råka. Dei einaste kjeldene som har blitt nemnt er «folk ein har snakka med». Om motparten vår meinar at det er hald i nokon av påstandane, så får dei kome med dokumentasjon. Om dei ikkje kan det, så bør dei trekkast.

Når ein set fram slike skuldingar, gjentek og forsterkar dei, utan å komme med dokumentasjon, så er dette for å stenge ned både oss og heile debatten. Ein ynskjer ikkje snakke sak. Kanskje fordi ein har ei dårleg sak?

Slike skuldingar sår splid i små grendesamfunn. Det er folk blant oss som har gått rundt med ei vond kjensle, uroa over at sambygdingar skal tru på påstandane. Dei ansvarlege har maktposisjonar og tillitsverv, og svartmalar her vanlege folk som ynsker ein open og demokratisk debatt om samfunnsutviklinga der alle sine meiningar er like mykje verdt.

Vi meinar vi er verdt å bli lytta til. Vi ynsker å forvalte verdiane vi sit på, eit Lofoten i miniatyr med sjøhusmiljø, dramatiske klipper og nokon av dei flottaste strendene i verda, til det beste for framtidig utvikling av bygdene våre. Turbinar på Steinfjellet reduserar dei verdiane, og legg til rette for vindkraft på heile Bremangerplatået og i fiskefelta Frøyagrunnene og Olderveggen. Dette er ein viktig samfunnsdebatt som alle må kunne delta i utan å bli rivd ned av usaklege skuldingar.

På vegner av bremangerar som vil bevare natur, livskvalitet og vekst i reiselivet.