«Nyttårshelsing frå Kinn Senterparti med nokre tankar om fortid og framtida»

Dette lesarinnlegget er skrive av varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) i Kinn og leiar Nils Myklebust i Kinn Senterparti.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) i Kinn og leiar Nils Myklebust i Kinn Senterparti:

Nyttårshelsing frå Kinn Senterparti med nokre tankar om fortid og framtida

Kinn Senterparti vil ønskje alle innbyggarar eit godt nytt år.

Etter ein travel valkamp, ein travel og krevjande forhandlingsperiode og ein like krevjande budsjettprosess, er det nokre som har reist spørsmål om kva Senterpartiet eigentleg vil, og om vi har gløymt kva vi vedtok i programmet vårt.

Vi kan roe veljarane med at vi ikkje har gløymt nokon og vi har friskt i minne kva vi gjekk til val på.

Kinn Senterparti ønskte ikkje kommunesamanslåing. Då dette likevel vart eit faktum ville det vere å svikte dei som gav oss så stor tillit i valet om vi ikkje kom i posisjon. Faktisk røysta nesten kvar femte veljar på Senterpartiet.

I styret og kommunestyregruppa diskuterte vi korleis vi best kunne prøve å påverke utviklinga i kommunen som vi eigentleg ikkje ønskte. Vi vart inviterte til ymse parti for samtalar som vi tok vi på største alvor. I ei hektisk veke etter valet var vi i dialog med alle politiske parti. Det synte seg vanskeleg for alle parti å danne ein fleirtalskoalisjon, og det låg an til å bli ein kaotisk politisk situasjon framover. Difor valde vi til slutt å freiste og få til eit raudgrønt samarbeid på, då ein der finn ein samla politikk som er nærast Senterpartiet.

Vi freista så godt vi kunne å få størst mogleg gjennomslag for Senterpartiet sitt program i forhandlingane. Vi greidde å få inn mange gode Sp-saker i samarbeidsavtalen.

Dersom alle dei fire partia hadde gått til desse forhandlingane med ultimatum i alle sine hjartesaker ville dette aldri gått. Vi vil derfor rose dei andre partia for å ta dette innover seg og at dei var konstruktive i forhandlingane.

Vi trur vi alle var sånn passe misfornøgde etter forhandlingane, men likevel ikkje meir enn vi kunne forsvare det med nettopp denne bakgrunnen. Senterpartiet fekk gjennomslag for noko, og måtte fire på noko, slik også dei andre partia måtte.

Senterpartiet er i etterkant blitt skulda for at vi mellom anna har gitt etter på kravet om oppløysing av Kinn kommune. Dette er heilt feil, det har vi ikkje.

Vi fekk gjennomslag for ein avtale om korleis vi skal gå fram dersom innbyggarane ønskjer ei reversering av Kinn.

Vi har erkjent at å fremje ei sak om folkerøysting no, med den sitjande regjeringa, ville vere det same som å øydelegge mogelegheita for ei eventuell reversering seinare.

Vi må ha ei ny regjering i 2021 på plass først, og har avtale med dei andre partia korleis vi då eventuelt skal gå fram. Alle partia i samarbeidsgruppa står heilt fritt i saka etter at evalueringa er gjennomført første kvartal i 2022.

Senterpartiet har tenkt å halde avtalar som vi inngår. I mellomtida må vi freiste å gjere det beste for alle innbyggjarane i Kinn kommune.

Vi vart i etterkant av budsjetthandsaminga skulda for at vi er i lomma på Arbeidarpartiet. Vi trur neppe at Ap vil vere einige i den framstillinga, til det var forhandlingane altfor tøffe. Men alle dei fire partia vart til slutt einige.

Kva var alternativa til å inngå dette samarbeidet?

Det var faktisk kaos, og det ville ikkje tene innbyggarane.

Kva hadde resultatet blitt dersom rådmannen sitt opphavlege budsjett hadde vorte vedteke? Det var eit heilt reelt alternativ utan ei avtale om budsjettet.

Med ei skyhøg auke i eigedomsskatt, nedlagde skular, ingenting til Skram skule, gymsal ved Florø barneskule ut i det blå og kanskje utsetting av Kulatoppen for å nemne noko. Det hadde vore eit svært dårleg alternativ for oss.

Det er sjølvsagt ikkje alt i 2020 budsjettet vi er like begeistra for, men slik er det når ein skal prøve å ta ansvar. Ein må akseptere at også andre har sine saker.

Kritikarane vil gjerne seie at Senterpartiet har godkjent eit ekstremt høgt låneopptak og at det ikkje uroar oss?

Det gjer det i høgste grad. Vi er svært uroa for den høge lånegjelda. Nettopp difor skal ein straks no på nyåret starte arbeidet for å skaffe seg den nødvendige oversikta. Dette trur vi er i alle si interesse. Senterpartiet vil vere kritiske, men konstruktive også her.

Fleire vil hevde at denne oversikta burde vi hatt før vi vedtok budsjettet.

Når to kommunar slår seg saman, og kanskje spesielt Kinn med sine avstandar og særeigenheiter byr det på utfordringar. I tillegg var prosjektrådmannen sitt framlegg både uoversiktleg og inneheldt fleire feil, slik at det var langt frå enkelt å få oversikt. Vi freista likevel så godt som råd å gjere vårt beste for innbyggjarane i Kinn kommune.

Om det er godt nok får vise seg.

Vi har lese litt om kva dei to avisene Firdaposten og Fjordenes Tidende meiner ved inngangen til 2020. Her må vi seie at vi er noko overraska.

At lokalpressa vil undertrykke folkemeininga slik dei gjer både på leiarplass og i kommentarfelt fortel oss om ei lokalpresse som må ha misforstått noko av si rolle som samfunnskritikarar. Skal ikkje pressa vere den som kritiserer makta og ikkje vere eit mikrofonstativ for den?

Vi har eit forslag med skråblikk til desse to lokalavisene. Slå dykk saman til ei avis for eksempel og så kan de i avisa føle på om ikkje det er noko vemodig å ikkje lenger heite Firdaposten og Fjordenes Tidende.

Forstår vi dette rett så meiner Firdaposten at identitet er noko gammaldags som ikkje er noko å bry seg om, – skal tru om lesarane meiner det same?

Godt år til alle.

Med beste helsing frå Kinn Senterparti